lørdag 13. november 2021

Gløym fotografen, karar! Det er brann i byen!


Sju av mannskapet på «Hjelmelandsfjord» pluss to gjester fotografert på akterdekket medan
brannen rasar bak dei. Bilder tilhøyrer Andrè Myhr. 



Mannskapsbilde nå? Snu dokke og sjå på «Nøkk» heller! Det brenne i kassafabrikken!


Dette er eit fantastisk bilde. Her står det ein gjeng på ni mannfolk og let seg fotografera medan sløkke-arbeidet er i full gang bak dei. Til og med brannbåten «Nøkk» er på plass for å pøsa vatn over brannen.


Av dei ni karane på bildet er sju medlemmer av mannskapet på «Hjelmelandsfjord». Medan to av dei må kallast tilfeldige gjester om bord. Men dei står og held på livbøyen med navnet på båten.


Kven som er fotografen, har eg ikkje fått greie på. Men dette bildet er tatt 14. desember 1955 då det brann i Jakobsens kassefabrikk i Verksgata i Stavanger. «Hjelmelandsfjord» ligg på sin dåverande faste plass i ferjestøa ved Jorenholmskaien. Denne ferjestøa eksisterer ennå. Tau-ferja gjekk i mange år frå denne ferjeplassen. Seinare gjekk ferjene til by-øyane frå same plassen.


Ein ting er sikkert. Slik eg kjenner folka på bildet, ville ikkje dei stått der og smilt til fotografen viss dette er tatt rett etter at brannen var oppdaga og «Nøkk» nettopp var kommen på plass. Dette var folk som likte å finna ut kva som skjedde rundt dei. Her må brannen vera under ein viss kontroll. Folka kan snu seg vekk eit øyeblikk utan å gå glipp av noko vesentleg.


Eg har spekulert på om at dette bildet er tatt av ein profesjonell fotograf. Ein pressefotograf kan henda. Kan det vera folka på «Hjelmelandsfjord» som har oppdaga brannen og slått alarm? At dei kanskje havna i avisa dagen etterpå? Dette har eg ikke funne svaret på.


Aftenbladet 15-2-55

Eit veldig godt bilde er det uansett, med mange kjente fjes frå glanstida til «Hjelmelandsfjord». Frå venstre: Sverre Norheim frå Erfjord som er den mannen som sto lengst om bord i denne rutebåten. Han begynte som matros i 1950. Seinare var han styrmann og kaptein-avløysar eller andre-førar. Han slutta i 1976 og gjekk over på «Jøsenfjord-ferjen» der han var kaptein til han blei pensjonist.


Nummer to frå venstre er matros Sigurd Erfjord. Han slutta på båtane på slutten av 1950-talet. Seinare kjøpte han seg lastebil og var med i arbeidet på Ryfylkevegen. Nestemann er motormann Øystein Øye som også var frå Erfjord. Han var om bord fram til 1965 då Ryfylkevegen åpna. Frå den tid var han på ferja over Jøsenfjorden.


Mannen med slips og lagerfrakke høyrte ikkje til om bord. Han arbeidde truleg hjå ein av grønnsakshandlarane som heldt til i Skeie-bygget, det store trehuset på Jorenholmen. Veit du navnet på han?


Laurits Tvedt heiter mannen med skinnhua som har godt tak i livbøyen. Han var kaiformann for Jøsenfjord-selskapet.


Dei to blide ungdommane bak er jøsnesbuar. Matros Jens Rødde og messegutt Jostein Øglend. 


Så to erfjordbuar som begge seilte lenge på «Hjelmelandsfjord»: Gulleiv Norheim med alpehua var bror til Sverre Norheim. Han sto om bord til han fekk jobb som billettør på ferja over Jøsenfjorden i 1965.


Til slutt den legendariske restauratør Oskar Andreassen. Han seilte på båtane i mange år. Men han dreiv også pensjonat i Hålandsosen saman med kona. Etter at han slutta på båtane, var han anleggskokk på Jelsavegen.


Dette var blogg nummer sju om «Hjelmelandsfjord». Eg kjem med neste epistel om eit par dagar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar