fredag 26. november 2021

Million-bloggen

 



Til mi store overrasking blei eg oppsett som lærar i maskinskriving då eg fekk
lærarjobb i Suldal. Då lærte eg å bruka tøtsj-metoden. Det hadde eg stor
glede av som skrivemaskinist i Aftenbladet. Teikning Roar Hagen.


Hjerneslaget mitt våren 2015 førte til at eg oppretta min private blogg. Eg slapp ganske heldig frå denne opplevinga, men den venstre handa mi var ikkje som før etter den hendinga. Eg måtte få opp farten på fingrane mine. Touch-metoden kunne eg bruka til det. Då måtte dei fem fingrane på venstrehanda også vera med når eg skulle skriva på datamaskinen. Men ka i holaste skulle eg skriva? Blogg sjølvsagt. Det hadde eg gjort før då eg var yrkesaktiv i Aftenbladet.


Kaffor beherska eg touch-metoden? Jo. Hausten 1975 begynte eg som lærar på Vinjar skule på Suldalsosen. Til mi store overrasking var eg oppført med to timar i veka med maskinskriving i det føreståande skuleåret. Eg som knapt visste opp og ned på ein skrivemaskin. Kånå mi hadde gått på handelsskulen og hadde vore borti den slags. Skulle eg ta med meg henne på skulen?


Slik ser bloggekurvene ut. Toppen nådd vinteren 2018.


Løysinga fann eg hjå Margot Vanvik på Sand. Ho dreiv med kveldskurs i maskinskriving for vaksne denne vinteren. Ein kveld i veka var eg på Sand for å læra touch-metoden. Du måtte bruka alle fingrane og sjå på det du skreiv. Ikkje på fingrane. Bokstavane A S D F hadde du på fingrane på venstrehanda pluss tommeltotten på den lange ordskiljar-tasten. Slik var det.


Desse ungdomsskule-elevane på Vinja skulle berre visst at eg berre låg ei side eller to framføre dei i læreboka då eg doserte for dei om maskinskrivingskunsten. Men eg lærte å skriva touch og dette heldt eg ved like i alle mine år som skrivemaskinist i Aftenbladet.


Ferjeskipper-bloggen toppar med 18.000 klikk.



Så sat eg der med ei hand som ikkje var som før i april 2015. Sette meg ned ved PC-en og tøtsja i veg: "Hjerneslag er ingen spøk" blei tittelen på det fyrste eposet som eg skreiv og delte med mine venner på Facebook. Responsen var uventa god. Mange delte den og eg fekk kjekke tilbakemeldingar.


Dermed blei eg riven med og skreiv fleire historiar om mine opplevingar som pasient. Etterkvar måtte eg finna andre emne. Litt av kvart. Og det blei jo mykje ferjer og fjordabåtar i tida som gjekk.


Eg skal jo ikkje leggja skjul på at eg blei ganske opphengd i statistikken som viste koss mange som hadde klikka seg inn på bloggen. Sjølv om eg ikkje har tjent fem øre på dette prosjektet så blei det kjekt å ha noko å fylla tida med.


I åra som har gått har blogginga gått litt i rykk og napp. Men eg har putla på. For eit par år sidan var eg lei og heldt på å slutta. For å motivera meg sjøl bestemte eg meg for å setja som mål at eg skulle ha ein million klikk før eg gav meg. Dette målet var ganske langt unna.


Og klikke-tala var ikkje så høge i periodar. Eg trur det skjedde noko på Facebook for nokre år sidan. Kanskje det ikkje var like mange som såg kva eg la ut? Men det var vel kanskje ein del som blei leie av skriveriene mine også. Dei beste tala hadde eg då eg skreiv historiane om «Stordøy», «Fjordsol» og Tau-ferjene for nokre år sidan.


Men eg har putla på. I går, torsdag 25. november 2021, nådde eg målet. Ein million klikk.


Kva gjer eg nå? Det ville vel vera dumt å setja punktum. Eg er så upraktisk og treneva at eg kan ikkje gjera kva som helst. Eg må berre vera takknemleg for at rektor Sigrid Aarhus på Vinjar skule sette meg opp som maskinsskrivingslærar i si tid. Så lærte eg iallfall det.


Og takk til alle som som har lese det eg har skrive! Og takk til alle som har delt med sine venner! 


Jonebloggen nå i november.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar