onsdag 24. november 2021

Då «Hjelmelandsfjord» pluss kapteinen blei kjøpt av konkurrenten

 

I 1976 fekk «Hjelmelandsfjord» ny utsjånad som DSD-båt. Foto: Stein-Erik Gilje.



Etter over 40 år med knallhard konkurranse med Stavangerske-båtane enda både kaptein Johan Warland og båten hans, «Hjelmelandsfjord», opp i Det Stavangerske Dampskibsselskab ved årsskiftet 1975 – 1976. Nå fekk han Stavangerske-flagg i kaptein-hua og «Hjelmelandsfjord» fekk tre raude ringar på skorsteinen.


Johan Warland i DSD-uniform i 1978.

Som ung matros på «Jøsenfjord» og seinare som styrmann på «Årdalsfjord» hadde han vore med på kappkjøringa over Hidlefjorden mellom Tau og Stavanger. Dette begynte før krigen og det pågjekk til Tau-ferja kom i 1961.


Dei reisande likte best å reisa med raskaste båten. Dermed blei det kappkjøring. Kapteinane kutta svingane rundt nesa. Det blir påstått at dei strauk taren med skutesidene ved Vassøykalven i Lindøysundet. Maskinistane fekk ordre om å pressa maskinene til det ytterste. På Tau var det lenge berre ein kai. Den som kom fyrst, tok heile plassen. Konkurrenten måtte fint venta til den andre var ferdig. Ingen grunn til å tru at forholdet mellom folka på Jøsenfjord-båtane og DSD-båtane var spesielt hjertelig.


«Jøsenfjord» hadde overtaket på dei gamle dampbåtane til Stavangerske før krigen. Men då Stavangerske fekk «Fjordbris» i 1948, blei «Jøsenfjord» akterutseilt. I Jøsenfjord-selskapet rekna dei med å få overtaket då den nye «Årdalsfjord» var ferdig i 1953. Men akk og atter akk! Den kom aldri opp i «Fjordbris»-fart.


- Men det var eit slit med denne konkurransen. Eg var glad då det var slutt på jaget, sa Johan Warland då eg intervjua han i 1978 då han blei pensjonist og båten hans, «Hjelmelandsfjord», var ferdig i fjordafarten.


Men rederi-skiftet gjekk svært fint. Me som kom frå Jøsenfjord Rutelag fekk fyrsteklasses behandling. Eg har ingenting å klaga på. Men eg var jo spent på førehand, sa Warland.


Johan Warland fekk matros-jobb på gamle «Årdalsfjord» i 1930. Her er båten
fotografert på Helgøy.



Johan Warland var frå garden Varland i Strand. Som 17-åring fekk han matros-jobb på gamle «Årdalsfjord» («Robert»). Det var kamp om slike jobbar. 17-åringen hadde ein eldre bror om bord. Det gjorde utslaget for han. Lønna var bra, tykte han. 43 kroner i veka på eigen kost.


I løpet av fyrste sommaren var han også ei tid på «Jøsenfjord»

før han hausten 1940 gjekk om bord i «Fisterfjord». Dette var den gjevaste båten til Jøsenfjord-selskapet og gjekk i ruta mellom Vadla i Jøsenfjorden og Stavanger. Der blei han verande i 13 år.


Matrosjobben på «Fisterfjord» var ingen ting for puslingar. 100 kilos-sekker blei stabla i høge lag i lasterommet. Johan Warland var ein stor og kraftig kar som tålte dei lange dagane om bord. Ofte starta dagen i fem-tida på morgonen då båten gjekk innante og fyrst ved åtte-ni-tida på kvelden var dei tilbake på Vadla.


Med så lange arbeidsdagar og null fritid var det ikkje mykje tid for den unge matrosen til å springa langt etter jentene. Johan Warland var heldig. Han blei kjærast med Torbjørg, dottera til handelsmannen på Vadla i Jøsenfjorden.


Dei gifta seg og busette seg i Årdal då Johan Warland blei styrmann i Årdalsruta. I den tida hadde folka om bord i båtane så lite fritid at det var ein stor fordel å bu der båtane hadde endestasjon.


I 1959 fekk Johan Warland jobben som kaptein på «Hjelmelandsfjord» der blei han verande til båten gjekk sin siste tur gjennom Ryfylke 27. september 1978. Då var kapteinen 65 år og pensjonist.

2 kommentarer:

  1. Eg såg Hjelmelandsfjord på Bahamas i jan.1981 koselig gjensyn

    SvarSlett
  2. Hjelmelandsfjord, båten i mitt hjarte ♥️♥️

    SvarSlett