mandag 15. november 2021

Alle kjende Oskar Stuert på «Hjelmelandsfjord»

 

I 35 år var Oskar Andreasssen
stuert på fjordabåtane.


Stuert Oskar Andreassen var ein kjendis i Ryfylke i 1950-åra. Alle reisande på Jøsenfjord-båtane kjende han. «Hjelmelandsfjord» var flaggskipet i rederiet. Båten gjekk jo mest i Hjelmelandsruta, men gjekk ofta ekstraturar overalt i fjordane. Og "Oskar på dampen" og hans medhjelparar var alltid med. Ein blid mann som alltid hadde eit smil og eit vennleg ord til dei reisande.


Han kokte for matrosane og alle dei andre om bord, selde smørbrød til passasjerane og forsynte folk langs båtruta med nye ukeblad kvar tysdag. Ein travel jobb med lite fritid. Då han gjekk i land frå «Hjelmelandsfjord» i 1961, blei han anleggskokk på Jelsavegen. Der fekk anleggsarbeidarane taffelmusikk til maten. Oskar kokk kunne ikkje berre koka. Han spelte piano, også.


Flaggskipet til Jøsenfjord-selskapet «Hjelmelandsfjord». Foto: Terje Moen.



- En av Ryfylkefjordenes kokekunstmestre, sto det i Rogalands Avis då han fylte 50 år 30. juli 1956.


I den gamle avisa står det at han er ein av dei som aldri har fri om sommaren når dei fleste andre har fri. Då er det travelt om bord i ein moderne fjordabåt søkklasta med turistar og andre reisande som skal ha kaffi, smørbrød og leskedrikk dagen lang. I tillegg er det ti mann om bord som han skal laga mat for.


Ikkje nok med at han var travel stuert på «Hjelmelandsfjord». I tillegg dreiv han og kona Marie pensjonat i Hålandsosen i Erfjord.


Oskar Andreassen budde i Erfjord det meste av sitt liv. Men han var byas, frå Langgata i Stavanger. I ungdommen kjørte han for slaktar Idsøe og ei tid var han drosjesjåfør.


Deretter gjekk han om bord i dampbåten «Vindafjord» tidleg på 1920-talet. Denne båten gjekk i rute mellom Stavanger og Vindafjord. I kålabyssa på denne båten starta kokkekarriera.


I 1927 fekk han jobb som stuert i Jøsenfjord-selskapet. «Ombofjord» var fyrste båten. Den gjekk i den nordra rutå mellom Erfjord og byen. Sjølv om eg ikkje har funne noko dokumentasjon på det, skriv eg nå at det var då han traff erfjordjenta Marie Vågane som han blei gift med. Dei busette seg i Hålandsosen.


Etterkvart blei han stuert på «Fisterfjord» som var den grommaste båten i selskapet like til flaggskipet «Hjelmelandsfjord» blei sett i rute frå 1949.


«Hjelmelandsfjord» blei ingen kvileheim. Her blei det lange arbeidsdagar. Båten gjekk innante ved seks-tida om morgonen og var ikkje tilbake igjen i Erfjord eller på Vadla i Jøsenfjorden ved åtte-tida om kvelden. Det var mange reisande i hjelmelandsruta i 1950-åra. Dessutan blei denne båten ofta utleigd til alle mulige slags ekstraturar. Turar der båten var overfylt med gjester som skulle trakterast og serverast etter alle kunstens regler.



Oskar Andreassen som 
anleggskokk på Jelsavegen. Foto:
Fredrik Koch, Aftenbladet.


I 1961 hadde stuerten fått nok av båtalivet etter 35 år om bord. Då gjekk han i land for godt i Hålandsosen. Nå blei pensjonatet også stengt.


Ekteparet Andreassen skifta beite. Dei blei kokkar for vegarbeidarane på Jelsavegen. Marie og Oskar kokte og ordna alt matstellet på anlegget. Men ikkje nok med det.


 Eit piano sto det også i brakkeriggen på Lovraeidet. Då dei svultne anleggsarbeidarane inntok middagsbordet, sette Oskar Andreassen seg på pianokrakken og sørga for taffelmusikken.


Marie og Oskar Andreassen bygde hus  på Tau etter at dei blei pensjonister. I 1981 døde Oskar Andreassen. Han blei 75 år gammal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar