onsdag 10. november 2021

Disponentens bror blei flaggskipper på «Hjelmelandsfjord»

 


"Hjelmelandsfjord" ved kai på Tuftene på Ombo. Den er nok ute på tur. Dette var ikkje ein 
av dei faste kaiane til denne båten.


Kaptein Ola Hagen var Jøsenfjord-selskapet sin betrudde mann då det tidlegare krigsskipet skulle bringast heim frå England i 1946 for å bli ombygd til «Hjelmelandsfjord». Og det var han som sto på brua då den nye rutebåten gjekk på ein strålande presentasjontur i Ryfylke 19. august 1949.


Men då båten blei sett inn i Hjelmelandsruta dagen etterpå, hadde Hagen fått avløysing. Bror til disponent Magnus Kalheim, Johan, hadde nå overtatt kommandoen.   


Var Hagen forbigått? Neppe. For sjølv om Ola Hagen var ein trufast slitar i Jøsenfjord-selskapet, møtte han sin overmann i den sju år eldre Johan Kalheim. For han hadde vore med på å starta Jøsenfjord-selskapet saman med broren Magnus og Johs Hauge frå Jøsenfjorden i 1917. Dei kjøpte den vesle kutteren «Jøsenfjord» og på denne fyrste båten i selskapet var Johan skippper.


Rett nok var Ola Hagen også om bord på denne båten som maskinist og blei verande i selskapet i alle år. Då den neste og sagnomsuste «Jøsenfjord» kom på 1930-talet, blei Ola Hagen kaptein på denne båten som gjekk i Årdalsruta i 20 år. Hagen var frå Halsnøy, men busette seg i Årdal som var endestasjonen for denne båten. Dermed kunne han vera heime hjå familien nesten kvar kveld. Han var truleg ikkje interessert i å bli plassert på ein båt som enda opp i Erfjord eller Jøsenfjorden omtrent kvar kveld. Dermed var det naturleg at «Hjelmelandsfjord» var Johan Kalheim sin båt.


"Ombofjord" ved kai på Skår. Foto: Sigvald Førland.



Etter kutteren «Jøsenfjord» blei «Ombofjord» den neste båten som kaptein for Johan Kalheim. «Ole Bull» var navnet då den var nybygd og gjekk i rute på Bergenskanten. Jøsenfjord-selskapet kjøpte «Ole Bull» i 1924 og let den dampa rundt i Ryfylke med sitt opphavelege navn ei tid før den blei omdøypt til «Ombofjord». I 1938 blei dampmaskinen skifta ut med ein 50 hestar Union motor.


Seinare overtok Kalheim den fyrste «Årdalsfjord» som hadde navnet «Robert» då Jøsenfjord-selskapet kjøpte båten av DSD i 1925. Men det varte ikkje lenge.


"Fisterfjord" var flaggskipet til Jøsenfjord-selskapet i mange år. 



For det meste av si tid i fjordafarten fekk Johan Kalheim som skipperen på «Fisterfjord». Her var det broren Magnus som var skipper heilt frå starten i 1921. Men han gjekk i land for å overta ansvaret for ekspedisjon og kontor i byen og då overtok broren i 1925. Dette var jo flaggskipet i selskapet og den gjekk i Hjelmelandsruta heilt fram til 1949 då «Hjelmelandsfjord» overtok den viktigaste ruta for selskapet.


Aftenbladet 3. oktober 1959.



Kalheim-brørne var frå Jørstadvåg på Ombo. Johan busette seg etterkvart på Hjelmeland. I 1959 var han 65 år og blei pensjonist.


Nå overtok Johan Warland som kaptein på «Hjelmelandsfjord». Men det er ein annan blogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar