mandag 29. november 2021

Matrosen som levde for sauer

 


Slakthuskaien i Stavanger var siste stopp for dei fleste sauene som reiste med «Fisterfjord»
og dei andre fjordabåtane til byen. Foto. Stavanger byarkiv. 



Johannes Rosså var den mest originale matrosen som nokon gong seilte på «Hjelmelandsfjord». Han var eldstemann om bord. Stillfarande og alltid klar til å ta eit tak med last og fortøyningar. Dessutan togg han skrå og spytta brunt.


Både folka på kaiane og dei reisande la merke til eit særtrekk med Rossåen: Han snakka mykje med seg sjølv.


Johannes Rosså var eit kjent
fjes for dei som reiste
 med «Hjelmelandsfjord» 

Vennleg og hjelpsam og alltid med eit ord til ungane når det var tid til slikt. - Ka hette far din, kunne han spørja småungane og dermed kunne det bli ein samtale om familien til den håpefulle og plassen han kom frå.


Kom det ein sau om bord, var Johannes Rosså alltid på plass. Han snakka med dei som kom med saueflokken, ville vita kor dei kom i frå og kor dei skulle hen. Forresten kjende han øyremerka som dei ulike sauebøndene brukte, så det var ikkje alltid han trong å spørja så mykje før han hadde kontrollen.


Det ville vel vera løgn å seia at sauene fekk heidersplassen om bord, men ein god og trygg garde blei det rigga til under bakken viss det var plass. Og så snart «Hjelmelandsfjord» hadde bakka ut frå kaien, gjekk matrosen under bakken og såg etter at sauene hadde det godt. For dei fleste av desse firbeinte skapningane gjekk turen til slakthuset i byen. Det var ingen grunn til at ikkje dei fekk skikkeleg stell på siste reis.


Johannes Rosså var ikkje berre matros. Han dreiv med sauer heime på Jøsneset. - Han lever ikkje av sau, han lever for sau, sa dei om mange sauebønder i Ryfylke. Rossåen var ein av dei. Om somrane blei Rosså-sauene sende på beite i Ulladalsheiane. Her hadde matrosen mange turar opp gjennom åra for å sjå etter flokken sin. Mange gilde minne kunne han dra fram frå desse turane.


Viss han lurte på kven av matrosane som skulle ha rortørn i styrehuset frå Sørvåg til byen, spurte han på sin eigen måte. - Er det du eller meg som skal ta han i horna og leia han til byen i dag?


Når han fekk tak i Aftenbladet, starta han alltid med å lesa leiar-artikkelen. Slik var den karen.


Han likte å lesa og følgja med på det som skjedde i samfunnet. Som ungdom fekk han med seg ein vinter på Jæren folkehøgskule på Klepp. Deretter venta livets skule på han.

Det meste handla om arbeid. Mange år på vårsildfisket var ein del av pensum på den skulen.


Seinare gjekk han om bord i fjordabåtane og var matros på «Fisterfjord» i ein del år. Han var ein makalaus matros då sauene kom frå heiane om haustane. Ikkje vanskeleg å vera styrmann om bord på slike dagar. Blei det i trongaste laget for dei firbeinte, heldt han alltid eit vake auga med dei.


Johannes var fødd på Rosså på Ombo i 1904. Han var ein godt vaksen mann då han møtte Kornelia Nesvik frå Jøsneset. Dei blei gifte og nå blei Rossåen jøsnesbu med adresse Knutsvik. Etter ei tid gjekk han i land frå «Fisterfjord» og tok seg arbeid på Tinnfabrikken i Stavanger. Då måtte han bu på hybel i byen og kom berre heim til familien i helgene.


Fabrikklivet var ikkje noko for denne karen. Han kjøpte eit mindre gardsbruk på Asheim og der blei han og familien buande. Då kunne han vera sauebonde og matros på «Hjelmelandsfjord» i tillegg.


Det blei ein god del år om bord på flaggskipet til Jøsenfjord Rutelag. Der fann han seg godt til rette. Då han hadde oppnådd aldersgrensa på 65 år, gjekk han ikkje land slik andre gjorde. Han heldt på minst eit år ekstra før han slutta om bord.


Du trur kanskje han sette seg i gyngestolen som pensjonist. Nei du, han tok dei jobbane som baud seg. Då dei skulle stikka ut vegen over Gullingen frå Jøsenfjorden til Suldal, tok den pensjonerte matrosen seg jobb som stikkegutt.


Heime på garden hadde han meir enn sauer. Ein mengde frukttre sto det på garden. Plomma, eple og pæra. Mang ein søndag sto den gamle Johannes Rosså på ferjekaien på Nesvik og selde frukt til bilturistane.

Rossåen blei ein gammal mann. Han døydde i 2001, rett før han fylte 97 år. Kona Kornelia døydde i 1995. Ho blei 82 år. Dei hadde tre barn. To guttar og ei jenta.


Alle som hadde med «Hjelmelandsfjord» å gjera opp gjennom åra, vil hugsa Johannes Rosså med glede.


PS. Skulle gjerne hatt eit betre bilde av Johannes Rosså Ta kontakt viss du skulle ha eit som passar. DS.

1 kommentar:

  1. Tusen takk for enda en trivelig blogg om livet i Ryfylke, og en av de mange underfundige ryfylkingene.

    SvarSlett