tirsdag 2. november 2021

Far min og Kalheimen bygde «Hjelmelandsfjord»


Teikning av den nye fjordabåten som skulle bli «Hjelmelandsfjord» i Dagbladet Rogaland.


- Ingen tvil om at det var «Hjelmelandsfjord» som var båten for far min, men han var  nok langt frå åleine om arbeidet med å byggja om det tidlegare krigsskipet til ein moderne fjordabåt. Når han fortalde om båten, høyrdest det nesten ut som om han hadde gjort det meste aleina, seier Torstein Randa, sonen til Sjur Randa.


Dette var ein svær jobb for Jøsenfjord-verkstedet på Buøy. Utruleg mykje arbeid og mange pengar måtte til.


I oktober 1946 var 192 – det tidlegare landgangsfartyet – trygt fortøyd ved Jøsenfjord-verkstedet like ved ferjekaien på Buøy. Det gjekk snaut tre år før båten kunne presenterast som «Hjelmelandsfjord».


Frå Aftenbladet august 1949.

Ei tid skal det ha herska tvil i selskapet: Var denne jobben for stor? Burde dei heller selja skipet vidare? Dette står det å lesa i Magnus Torgersen si bok «Fjordabådane». Men i 1948 kom arbeidet endeleg i gang.


Nå sto dei på. Både Sjur Randa, far til Torstein og dei andre Jøsenfjord-folka. Til og med disponent Magnus Kalheim drog på seg arbeidskleda og brukte mange timar med malarkosten om bord i den nye båten.


Sjølv om desse karane var aldri så flinke og flittige, må dei ha hatt rikeleg med hjelp både av ingeniørar, maskinfolk, sveisarar og allslags andre fagfolk.


Draumen var heilt sikkert at nå skulle Jøsenfjord-selskapet få ein båt som ville bli ein utfordrar for den argaste konkurrenten, Stavangerske. Dette selskapet hadde nå dei raske og moderne sjøbussane «Fjorddrott», «Fjordsol» og «Fjordbris». Dei to selskapa konkurrerte i rutene på Hjelmeland, Fister og spesielt på Tau. Det hadde vore ei intens kappkjøring over Hidlefjorden mellom Stavanger og Tau i åravis.


«Jøsenfjord» var ei plaga for Stavangerske sine gamle dampbåtar i 1930-åra. Men den blei akterutseilt då den flettande nye «Fjordbris» blei sett inn i trafikken på Tau og Jørpeland.


Men med den nye båten i fart skulle det bli andre boller. Den var ikkje døypt ennå. 192 blei den kalla til dagleg. Kunne den hamla opp med «Fjordbris». Som ny hadde denne båten ein toppfart på 16 knop.


Avisene i byen hadde begynt å visa interesse for Jøsenfjord-prosjektet.


- Den nye båten er seks fot lenger enn «Fjordsol» og «Fjordbris». Den er av buss-typen, men skil seg ut ved å ha mykje godt rom for last og plass for 420 reisande, skreiv Dagbladet Rogaland.


- Den nye båten har lengde på 154 fot og er utstyrt med to motorer på 500 HK hver og blir meget hurtiggående, skreiv Aftenbladet.


Spennande tider både for Jøsenfjord-folka og alle dei reisande i den delen av Ryfylke der selskapet hadde sine kunder og tilhengjarar.


Dette er blogg nummer fire om «Hjelmelandsfjord». Eg bloggar vidare så snart eg får tid!!

1 kommentar:

  1. Gildt stoff! Eg var avisgut i dei åra og slengde møkje rundt kaiane når Aft.bl. ikkje greidde rundetidane! og då vart det diskusjonar om fjordabåtane (dei kvite var finast).

    SvarSlett