tirsdag 16. november 2021

15-årige Arild fekk messegutt-jobben på «Hjelmelandsfjord»

 

Arild Hansson frå Hjelmeland fekk 
jobben som messegutt i 1960.


Hei! Plutseleg var det ein kjenning som var messegutt på «Hjelmelandsfjord» sommaren 1960. Koss hadde 15-årige  Arild Hansson frå Hjelmelandsvågen greidd det? 


- Eg visste at han som var messegutt om bord, ein raudhåra jøsnesbu, skulle slutta. Derfor gjekk eg om bord ein gong båten var innom på Hjelmeland og spurte stuerten, Oskar Andreassen, om eg kunne få bli ny messegutt. Jobben fekk eg og blei Oskar sin assistent i eit heilt år.


Godt utval av vekeblad og snop i kiosken i nedre 
salong. Bildet tilhøyrer Marita Sørskår Bog.



Oskar gav meg mykje ansvar. På laurdagskveldane gjekk han i land i Hålandsosen i Erfjord der han budde. Båten gjekk vidare til Vik som var endestasjonen. Erfjord bru var ikkje bygd på den tida. I helga var det eg som hadde ansvaret for å koka for dei av mannskapet som ikkje var erfjordbuar og var igjen om bord i helga. Oskar kom om bord igjen då båten gjekk til byen på ettermiddagen på søndagane. På mandagane hadde eg fri.


Messegutten måtte ikkje tørna ut då båten gjekk innante i seks-tida på morgonen. Eg sto opp då me kom til Jøsneset og var med på å laga frokosten som sto klar på bordet då «Hjelmelandsfjord» gjekk frå Fister i halv ni-tida på morgonen. Då var det ein halvtime til neste stopp på Sørvåg på Fogn.


Frokost i messa  på «Hjelmelandsfjord» i 1976. Frå venstre: Stuert Jakob Sevland,
styrmann Nils Sørskår, maskinist Inge Suphellen og kaptein-avløysar Sverre 
Norheim. Foto: Stein Erik Gilje.  



Passasjerane som ville ha kaffi, mat eller snop blei ekspederte i kiosken i nedre salong av messegutten med kvit messegutt-trøya og brylkrem-sleik. Ein tøffing tykte alle jamaldringane som sto og glante på kaiane innover i fjorden.


På onsdagane var det eit fæla liv på kvar einaste stopp innover. Då kom folk stormande om bord for å kjøpa ferske ukeblad. Dei måtte ekspederast raskt før båten gjekk vidare. Då hadde Oskar lagt ut blada på borda i nedre salongen slik at kjøparane kunne bli raskt ekspederte og springa på land igjen. I den tida hadde ikkje den kulørte vekepressa nådd fram til nærbutikkane på kaiane innover i Ryfylke. Dermed var dette ei viktig tilleggsinntekt for restauratøren på båten.


Det var messegutten sitt ansvar å dra rundt i byen og handla inn matvarene som skulle brukast til å servera både passasjerar og mannskap.


- Då sykla eg rundt i byen på ein budsykkel med lite framhjul, stort bakhjul og eit skilt under stanga der det sto anten «Hjelmelandsfjord» eller Jøsenfjord Rutelag.


I juni 1961 slutta Arild Hansson som messegutt. Han drog til Bryne på opptaksprøve på realskulen. Til sitt store sjokk greidde han ikkje prøven. Dermed reiste han tilbake til byen og gjekk om bord i «Hjelmelandsfjord». Nå fekk han jobb som matros. Dermed blei det ennå eit år på denne båten.


Oskar Andreassen gjekk i land frå «Hjelmelandsfjord» i løpet av 1961 medan Arild Hansson var matros. Då kom det kvinneleg restauratør om bord. Ei myndig nordnorsk dame som han ikkje hugsar navnet på. Ho ville ikkje servera middag til folka om bord når båten låg i byen heile dagen.


- Då måtte me gå i land og kjøpa middag på kafè, fortel Arild Hansson.


I juni 1962 greidde den unge hjelmelandsbuen opptaksprøven på realskule. Då blei det skule og atter skule i åravis. Men om somrane var han matros på den eine Stavangerske-båten etter den andre.


Dette var niande bloggen om «Hjelmelandsfjord» og livet om bord der. Neste epistel kjem ein av dei fyrste dagane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar