mandag 22. november 2021

«Hjelmelandsfjord» - Ikkje raskast på fjorden, men kom igjen ved kaiane!

Kaptein Johan Warland kjører vinsjen på «Hjelmelandsfjord» frå styrehuset.
Foto: Stein Erik Gilje.

 


«Hjelmelandsfjord» var ikkje raskaste båten på fjorden, men kom igjen ved kaiane. Der gjekk det så det kvein når passasjerar og last skulle av og på. Her var det ikkje tid å mista. Ruta var så knapp at det var berre å komma seg vidare fortare enn svint.


Då Johan Warland blei kaptein på «Hjelmelandsfjord» i 1959, blei det nye tider. Han kom frå styrmannsjobben på «Årdalsfjord» og sterkt prega av å ha kappkjørt på Hidlefjorden mellom Tau og byen med Stavangerske-båten «Fjordbris». «Årdalsfjord» hadde ikkje tjangs viss dei to båtane gjekk jamsides på fjorden. Derfor satsa Johan Warland og hans folk på vera så kvikke som råd ved kaiane.


Storebror Stavangerske hadde dei nybygde og raskaste båtane. Jøsenfjord-folka tok igjen så godt dei kunne med å vera raske ved kaiane. Her måtte til og med sjølvaste kapteinen på brua vera med når lasta skulle av og på.


På Stavangerske-båtane var det ein av dei tre matrosane om bord som kjørte vinsjen. Dei to som var igjen på dekk måtte håndtera lasta som best dei kunne. Styrmannen sto ofte på dekket med hendene i lommane og såg på.


På Jøsenfjord-båtane kunne vinsjen styrast frå brua. Kapteinen kjørte vinsjen. Dermed var tre matrosar klare til innsats på dekk. Dersom det var mykje last, måtte styrmannen trekkja på kjeladress og vera med på å hala og dra han også.


Kaptein Warland sørga også for å justera rutetidene for «Hjelmelandsfjord». Dei blei så knappe som råd.


Sjølv på dagar med lite folk og last, var det ikkje tid til overs. Nei, her var det berre å komma seg vidare for å halda avgangstidene som sto i ruteheftet.


Etter gammalt var jo folk innover i fjordane alltid ute i god når dei skulle ta båten. Dette visste jo "Warlaen" alt om. Derfor tok han sjansen på å gå eit par-tre minutt før tida frå Vadla-kaien på søndagskveldane. Han bakka ut mens han hadde eit blikk på kaien heile tida. Då avgangstida var der, hadde «Hjelmelandsfjord» alt god fart forover. Viss det dukka opp ein reisande i siste liten, var jo alt tapt. Då måtte dei inn igjen og ta den presise med seg. Men dei reisande kjende kapteinen. Som regel var alle ute i god tid.


I mange år hadde «Hjelmelandsfjord» fast liggeplass ved Bagarbryggå. Tau-ferja overtok 
ferjestøa til venstre. «Årdalsfjord» ligg ved Fiskapiren. Bildet er henta fra boka "Stavanger på 
60-tallet." Foto: Marthon A. Høiland.


Då det blei mangel på ferjestøer i Stavanger, mista «Hjelmelandsfjord» si ferjestø på Jorenholmskaien. Der fekk Tau-ferja sin plass. Nå blei fjordabåten vår plassert inne ved Bagarbryggå, der hurtigbåtane til by-øyane har sin plass i dag. Veldig bakvendt å komma til og frå. Eit klart irriterande tidstap for kaptein Warland.


Det var ikkje så lett å ta inn tapet ved ankomst til byen, men kom igjen ved avgang. Eit par-tre minutt før tida var inne, svinga «Hjelmelandsfjord» ut frå kaien med akterenden og hang berre etter fortøyninga oppe på bakken. Når klokka var der, begynte båten å bakka ut. Fleire minutt tjent, men dessto fleire tapt viss det kom ein løgnas i siste liten.


Sjølv om Johan Warland stilte store krav både til mannskapet og seg sjølv, var han ein respektert kaptein. Han var ikkje nokon diktator som regjerte med skrik og skrål. Tvertimot var han stillfarande og godsleg. Slik fekk han også folka med seg. Både mannskapet og dei reisande.


Dette var blogg nummer 11 om «Hjelmelandsfjord». Neste kjem om kort tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar