fredag 8. januar 2021

Skulle du kjøra «Solskinnsbussen», måtte du dobbelkløtsja og gi mellomgass

 


Sjåfør-veteranar frå Ryfylkeveiens billag var invitert då GEA i Årdal innvigde ein kopi av 
«Solskinnsbussen» som ein del av kafeen i 2001. Frå venstre og rundt bordet: Arne Hetland, Jens 
Hausken , Sigmund Måland, Eldfinn Austigard, Edvard Austigard og Trygve Dalane.
Foto: Jan Soppeland. 

To passasjersete med ekta skinntrekk pluss sjåførsetet er det einaste som finst igjen i Årdal i Ryfylke av den ein gong så gjeve «Solskinnsbussen». Dette var ein Reo Silver frå 1935 med soltak som blei brukt som turbuss i Stavanger eit par-tre år før den blei kjøpt av Ryfylkeveiens billag og sett inn som rutebuss mellom Tau og Årdal.


At den blei kalla «Solskinnsbussen» hadde si naturlege forklaring. Det var soltak som kunne fjernast på flotte sommarsdagar. Kanskje ikkje så veldig lurt på ein rutebuss som skulle gå i heilårsdrift i vestlandsklima. Men slik var det. Og mange passasjerar tykte det var støvande, flotte greier.


Gamle Trygve Vatnet frå Årdalsbygda var strålande fornøgd ein gong då han steig av etter ein tur frå Tau til Årdal med cabriolet-bussen. Den nye fine dressen var rett nok blitt heilt grå av sandrôk i løpet av turen, men det kasta ikkje skuggar over opplevinga.


«Solskinnsbussen» med Edvard Austigard ved rattet, kom til Årdal
 sentrum med lokale krigsheltar 8. mai 1945. Foto: Digitalt Museum.

Eit bilde av «Solskinnsbussen» har mange hjelmelandsbuar sett når dei har lese om den lokale krigshistoria. Dei tre lokale motstandsheltane som hadde lege i dekning i Årdalsheia dei siste månadene av krigen, blei frakta ned til Årdal sentrum i åpen buss 8. mai 1945 med sjåfør Edvard Austigard bak rattet.


- Eg hugsar godt «Solskinnsbussen». Min faste sitjeplass var på motorkassen, fortel Jarl Austigard som i dag er 78 år gammal. Som son av sjåfør Edvard Austigard, seinare disponent i selskapet, var han ofte med faren i bussen. Som vaksen kjørte Jarl også buss i Ryfylkeveiens billag i mange år.


«Solskinnsbussen» gjekk som rutebuss i Årdal fram til 1951 då busselskapet fekk ein ny Scania Vabis med 33 passasjer-sete. Den gamle turbussen var ferdig i Tau-ruta i 1946 etter at kom ein ny Chevrolet-buss til Årdal. «Solskinnsbussen» blei forvist til bygdarutene i Årdal og ein og annan tur til Fister.


Edmund Austigard har skrive 
roman med tittelen 
«Solskinnsbussen»
Den ein gong så gjeve bussen blei utrangert og sto så parkert i fleire år ved sida av garasjen som Vegvesenet hadde ved vegen til Svadberg. - Kor den blei av etter dette, har eg ikkje peiling på, seier John Skår som også var sjåfør i Ryfylkeveiens billag i mange år.


Tre av seta i bussen fekk sjåfør Trygve Dalane. Dei bar han opp til hytta si på Kro i Bønardalen og der skal dei vera ennå, i følge sonen Olav Dalane. - Far sat alltid i sjåførsetet. Det var hans faste plass. Etter hans tid overtok eg den plassen, seier Olav Dalane.


Sjølv om «Solskinnsbussen» forsvann frå Årdal, er den ikkje gløymd i bygda. I Austigard-familien har dei på ulike måtar drege «Solskinnsbussen» fram frå gløymeboka.


Eldfinn Austigard som blei disponent i Ryfylkeveiens billag etter faren Edvard, fekk i 2001 laga ein slags kopi av «Solskinnsbussen» som han bruka som ein attraksjon då han dreiv kafé ved bensinstasjonen som han og kona dreiv i Årdal.


Då kafeen blei nedlagt, blei «Solskinnsbussen» flytta til barnehagen i bygda. Nå er den forlengst utrangert der også.


Edmund Austigard, sonen til Jarl, gav i 2011 ut ei roman med tittelen «Solskinnsbussen» med handling frå Årdal i åra før og under krigen.


Viss du skulle kjøra «Solskinnsbussen», måtte du både kunna dobbeltkløtsja og gi mellomgass.


Takk for turen!


Kommentar frå facebook-gruppa Rutebilhistorie i Rogaland:


merkeikon

Sper på med noen utfyllende opplysninger om "Solskinnsbussen". Det var opprinnelig en 1936 mod. Reo Silver som Jadar Turistbil v/ Brødrene Grøsfjeld kjøpte som ny. Allerede i 1939 ble den solgt til Jøsenfjord Ruteselskap AS. Fra 1.januar 1940 var det Ryfylkeveiens Billag som overtok bussdriften fra JR. Under krigen hadde bussen et midlertidig reg. nr. L-6807, etter å ha fått montert en Imbert vedgassgenerator i 1941. På dette bildet, lånt fra fam. Austigard, ser vi bussen med dette reg. nr. Etter krigen fikk den tilbake det reg.nr. den fikk tildelt i 1940, nemlig L-15482.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar