mandag 11. januar 2021

Kåre Hjorteland er død

 



Kåre Hjorteland, Jøsenfjorden, er død, 92 år gammal.


Han blei fødd på den veglause garden Hjorteland i Suldal kommune og vaks opp som nummer fem av sju sysken, seks gutar og ei jente. Borghild og Johannes heitte foreldra. Ungane var Lars, Ingemund, Valborg, Arne, Kåre, Bjarne og Sigurd. Nå er alle borte.


Viss folk spurde faren, Johannes, koss mange ungar han hadde, fekk dei kontant svar: Dei har aldri sete roleg lenge nok til at eg har fått telja dei, svara han og lo godt. Han blir skildra som ein sjelden blid type og sonen Kåre var same typen. Alltid hadde han smilet på plass og eit lunt svar viss han blei tilsnakka. Trong nokon hjelp, var han alltid lett å be.


Meldinga om at Kåre Hjorteland ikkje er mellom oss lenger, blir motteken med både sorg og vemod av folk i Jøsenfjorden og alle andre som kjente han.


Dei levde ikkje noko luksusliv på fjellgarden på Hjorteland. Frå han var ein neve stor måtte både Kåre og dei andre syskena ta del i arbeidet både på heimebøen og på utslåttane i heia. Ungane svinga stuttorven og bar inn turrhøy på ryggen.


Som 12-åring var Kåre Hjorteland dreng på ein gard på Fundingsland. På 10 vekers arbeid tente han 20 kroner.


Seinare arbeidde han med skogplanting, gardsarbeid og hadde også lengre periodar i sandtak og grustak i Jøsenfjorden. Han tjenestegjorde i Tysklandsbrigaden i 1949. For to år sidan fekk han Forsvaret si medalje for internasjonale operasjoner og Tysklandsbrigadenes veteranforbunds medalje.


Då Statens Vegvesen etablerte knuseverk på Lundarneset i Jøsenfjorden i 1966, begynte Kåre Hjorteland der og blei verande der til han blei pensjonist 30 år seinare.


Dei unge frå heiagardane i grensetraktene mellom Hjelmeland og Suldal måtte læra seg å ta seg fram i ulendt terreng med haug og hammar. Skia blei mykje brukt i lange snøvintrar.


Difor var det ikkje rart at Kåre Hjorteland og brørne tok rikeleg for seg på premieborda når det blei arrangert langrenn i Suldal og Hjelmeland.


Kåre Hjorteland var i alle år vore eit ivrig medlem i skyttarlaget i Jøsenfjorden. Som dei fleste skyttarar var han også ofte i veg med børsa på jakt etter reinsdyr, rype og rev.


Helga Hidle frå Jøsenfjorden blei gift med den spreke ungkaren frå fjellgardane. Dei bygde seg hus på Hauge og fekk fem born. Tre gutar og to jenter: Jan, Kurt, Bente, Helge og Maylin. Det er ti barnebarn og 10 oldebarn.


Kåre Hjorteland var ein snill og raus far. Då ungane var slik passeleg store, fekk dei vera med han til handelsmannen på Vadla på laurdagen. På fridagen spandert han rein kjeladress og lesste tre-fire ungar bakpå mopeden og kjørte til krambua der det vanka både snop, drøs og kos før turen gjekk heim til Haua igjen.


Han var flink med hendene og praktisk orientert. Ungane fekk læra både å mekka på syklar og bilar og dei var ikkje store då dei kunne kjøra hjullastar.


Hundrevis av trebøtter og miniatyr-kjelkar laga han på fritida.


Kåre Hjorteland var eit levande bevis på at folk som brukar snus ikkje treng å forkorta livet av den grunn. Han arbeidde mykje, likte å møta folk. Ein spøk og ein god lått og så spytta han brunt.


Helsa var god heilt til å nå i haust då han begynte å skranta. Dei siste vekene budde han på sjukeheimen i Årdal der han døde natt til søndag. Han blir gravlagd i Jøsenfjorden kommande fredag.


Kåre Hjorteland vil bli hugsa med glede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar