onsdag 27. januar 2021

Mi strikkande svigermor frå Jørpeland

 

Svigermor-lodder frå Jørpeland. Grønn tå på styrbord fot og raud på babord. 



Yndlings-svigersonen blei eg aldri, men eg greidde å få ein liten spesialplass i svigermorshjerta likavel. Ikkje fordi at eg jobba veldig hardt for det, men det blei slik av ein spesiel grunn: Eg gjekk med alt ho fann på å strikka til meg, konsekvent. Jumprar, huer og lodder. Det blei mange plagg etterkvart. Ho strikka uavlateleg.


For ein frostmakk som meg var det velsigna godt med ullplagg. Eg heldt meg varm og god og overlevde den eine vinteren hardare enn den andre.


I tillegg la jo folk rundt meg merke til kva eg hadde på meg.


Fleire av dei kvinnelege kollegene mine i Aftenbladet kom alltid med kommentarer når eg kom labbande gjennom korridorane med dei fargerike, stripete strikkeloddene til svigermor opp i Birkestock-sandalene. Husflids-indianer blei eg ikkje automatisk teken for. - Kor har du fått loddene dine frå, spurte bydamene.


Svigermor mi frå Jørpeland:
Tullemor Mihle

- Det er svigermor på Jørpeland som sørgjer for meg, svara eg heilt ærleg. Og eg passa på å melda frå når eg var på Jørpeland om den åtgaumen svigermor-sokkane hadde vekt mellom dei kvinnelege journalistane i Aftenbla.


Og alle dei jumprane ho spøtte til meg gjennom 30 – 40 år. Allslags fargar og variantar. Ofte var det garn som var brukt før. Strikkekjolar til døtrene blei rekkt opp etter kort tids bruk og oppatt-brukt til jumprar til svigersønnene.


Ho var ikkje alltid så nøye med å ta mål av meg for kvar ny jumper. Eg veit ikkje om det var fordi ho gjerne heller ville hatt ein stor og muskuløs svigerson eller om ho trudde at eg var betydeleg større enn eg verkeleg var. Enkelte jumprar var i største laget.


Viss eg var inne i Jøsenfjorden om vintrane på jakt etter ferdatorsk, blei dei store jumprane mine kommentert av kompisane mine kvar gong. Dei lurte fælt på kaffor den spinkle, utflytta hjelmelandsbuen hadde det så romsleg i jumperen. - Denne spøtte ho før eg slanka meg, svara eg bråkjekt. Eg fortalde aldri svigermor mi om den slags kommentarer.

Døme på svigermor-jumper.



Grunnen til at eg skriv dette i dag? Det er på dagen ti år sidan gravferda til svigermor. Ho blei 86 år gammal og gjekk bort berre eit par veker etter mannen sin.


Eg sit her og skriv dette med strikkesokkane på meg. Sokkelageret blei så stort at det skal halda i mi tid. Når det blir hål på tærne, har eg ei kåna som kan stoppa. Nå har me lagt inn ein ny regel. For at eg ikkje skal ta sokkane på feil fot, er det blitt ein del av vedlikehaldsprogrammet å ha grønt garn på høgre foten og raudt på venstre. Akkurat som på ein båt med grønn lanterne på styrbord og raud på babord.


Så viss svigermor sit oppe i himmelen og ser ned på meg, smiler ho sikkert litt stolt når ho ser igjen sokkane sine. Kim vett?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar