onsdag 20. januar 2021

Jelsabu gledar seg over at Biden blir USA-president

 

- Godt å bli kvitt Trump, seier Tore Thorsen frå Jelsa.
Foto: Terje Bråtveit.

- Joe Biden berga oss frå Trump. Han skal ha stor takk for det, seier Tore Thorsen (77) frå Jelsa som har benka seg i godstolen sin framføre fjernsynet nå når USA endeleg får ny president.


Mange kjenner den pensjonerte læraren som ein engasjert skribent både i Stavanger Aftenblad og i fleire andre aviser. Han gir klar melding om kva han meiner om politikken og kor han står i det politiske landskapet: Godt til venstre.


Grunnen til at eg tok kontakt med han i dag? Tore Thorsen har eg kjent i mange år. Me var begge lærarar på Vinjar skule på Suldalsosen på 1970-talet. Sidan har det komme for dagen at me også er slektningar eller i familie med kvarandre etter gammaldags Ryfylke-målestokk. Syster til bestefaren hans, Petra Thorsen frå Jelsa, blei gift med Andres Svadberg frå Årdal. Han var bror til bestemora mi på Laugaland. Slikt har dei rekna på i fjordane etter gammalt.


Tilfeldigvis var eg på Jelsa for fire år sidan på den dagen då Trump blei innsett som president. Eg tok meg tid til å kikka innom Tore Thorsen og kona Kaija då eg fyrst var på dei trakter. Eg fann dei framføre fjernsynet der dei hadde benka seg saman med ein annan kjent lærar-pensjonist på Jelsa: Herleiv Haugland. Mange hugsar Haugland som SV-politikar både i kommunepolitikken i Suldal og i fylket. Haugland døde i august 2017.


- Dette var eit deprimerande president-skifte. Heldigvis er det over nå, seier Tore Thorsen som ikke legg skjul på at han ville stemt på Bernie Sanders.


Men ein skal ha stor respekt av Biden, etter Tore Thorsen sitt syn. For fire år sidan ville han ikkje stilla som president-kandidat. Men han blei så provosert av Trumps sine hatske og rasistiske utblåsningar at han stilte opp som president-kandidat og blei Trump sin motkandidat,


-Ingen annan ville klart å slå Trump, seier Thorsen som berre er eit halvt år yngre enn Joe Biden.


- Koss er det med deg? Bryt du opp frå pensjonist-tilværet og stiller deg til disposisjon i politikken eller i skulen dersom du blir kalla til å rydda opp i eit framtidig kaos?


Jelsabuen berre ler av slike spørsmål. - Eg engasjerer meg berre på papiret. Utover det kjem eg til å halda meg i ro som pensjonist, seier han og bryr seg ikkje når eg kallar han papirtiger.


Så Tore og Kaija benkar seg i fred og ro framføre fjernsynet. Dei har god tid til det i et sure vêret på Jelsa i dag. Som oss andre godt vaksne! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar