tirsdag 5. januar 2021

Då far min kjørte Reo-buss

 

Her står Reoen klar til avgang i Hjelmelandsvågen. Far min seg på, med sjåførhua på snei, 
medan passasjeren plasserer ryggsekken i kassen bak. Bildet frå Njål Tjeltveits bok om
Hjelmelandsvågen.

Når far min fann fram slepetau for å dra den gamle Reo-bussen ut av garasjen, stunda det mot utfartshelg. Påske eller pinsti eller ei anna helg då det var venta mange bussreisande. Den gamle Reoen frå 1935 var ikkje i dagleg bruk tidleg på 1950-talet då eg hadde fått auer og begynte å interessera meg for det far min bala på med.


Far var buss-sjåfør i busselskapet med det flotte navnet Ryfylkeveiens billag og hadde bussen ståande rett utanfor huset der me budde på Laugaland. Her var det også ein bussgarasje med plass for to bussar på den tida.


Reoen fotografert utanfor Motorcompaniet i Stavanger. Motorcompaniet var lokal 
Reoforhandlar.

Reservebussen måtte slepast i gong. Det var ikkje berre å vri på startnøkkelen i den tida. Kaffor det var slik, veit eg ikkje. Dette kom eg aldri på å spørja far min om. Var det batteria som var dårlege, eller var det motoren som var tungstarta? Uansett, slik var det. Etter litt sleping og kaving, sveiv motoren på Reoen. Når båten kom frå byen til Hjelmeland i kveldinga, fullasta med helgereisande, sto førkrigsbussen klar til å frakta folk vidare til Fjellet og Vormedalen.

Reoen på plass på rutebåtkaien på Hjelmeland.


Eg meinar at det hende bussen var så fullasta at Reoen hadde problem i dei brattaste bakkane, men som sagt var eg ikkje så store karen på den tida. Trehjulssykkel var det einaste framkomstmidlet eg bala med då Reoen var i bruk.


Ein Chevrolet-buss frå 1947 er det eg hugsar best frå min barndom. Denne bussen fekk far min uti 1950-åra. Dei fyrste åra gjekk den mellom Tau og Årdal for det meste. Men til Årdal kom det to nye Scania Vabis-bussar i 1952. Då blei Chevroleten sendt til Laugaland. Sjølv om denne bussen var nyare, hende det nok at den også trong vikar av og til. Då var Reoen god å ty til.


Det er to grunnar til at eg hugsar den: 1. Kassen bak der last av ulike slag, alt frå levande kalvar til gamle geitebukkar og daude revar, blei plassert . 2. Baksetet som fekk eit liv lenge etter Reoen var ferdig som buss.


Når far kom med Reoen frå Hjelmeland i kveldinga, sto me småguttane klar på Laugaland viss det var sommarlyst og fint vêr. Var me heldige, fekk me sitja oppi kassen bak når far min fullførte bussruta si ned til Sveivhølsbrua der vegen til Fundingsland tok av. Like spennande kvar gong.


Karluf Bråtveit frå Jørpeland voks opp i Vormedalen og hugsar at han var med i Reo-bussen frå Hjelmeland ein gong den siste krigsvinteren. Då var det problemer med å komma seg opp bakkane. - Eg hugsar at alle måtte vera med å skua bussen opp Gåsakleivå, fortel han.


Han har eit anna minne også: - Ein laurdags ettermiddag då far din var oppkledd og skulle kjøra til Hjelmeland spurte han meg og to kameratar om me ville løfta eit par geitebukkar frå Helgaland opp i kassen bak på bussen. Det var ikkje rart at far din ville ha hjelp med den jobben. Det lukta geitebukk av oss lenge etterpå.


Ein dag var Reoen vekke frå sin faste plass i bussgarasjen. Nå blei den visstnok bygd om til lastebil på Bjørkeland i Hetlandsbygda. I den tida rekna ein ikkje ein 20 år gammal buss som gammal. Etter dette skal den også ha blitt nytta som lastebil på Randøy. Viss det er folk som har fleire opplysningar om den gamle Reoen vil eg gjerne ha kontakt.


Tante Ruth, til venstre, og mor mi kosar seg i det tidlegare baksetet frå Reoen. Baksetet 
enda som kvardagssofa på Laugaland.

Tida som buss var slutt då Reoen forlet Laugaland. Derfor blei baksetet igjen hjå oss. Det var altfor godt til å enda på skraphaugen. Far min kontakta ein møbeltapetserar som sette på nytt, raudruta trekk. Dermed fekk baksetet eit nytt liv som kvardagssofa. På fine sommarsdagar blei den dregen ut i solveggen ved hønshuset vårt og brukt til solesofa.


Det gamle buss-setet sto stadig i barndomsheimen min då eg kom heim frå studier i Bergen sommaren 1976 med kåna og ein liten son. Eg hadde fått lærarjobb i Suldal og der venta det eit tomt hus som me skulle bu i den vinteren. Baksetet enda som sofa i vår beskjedne bustad på Suldalsosen vinteren 1975 – 1976.


Kor det gamle baksetet blei av etterpå, veit eg ikkje.


Fakta henta frå Wikipedia:

Reo Motor Trucks Co, frå 1916 Reo Motor Car Co, var ein amerikansk bilprodusent grunnlagt i 1904 av Ransom Eli Olds som alt i 1897 starta Oldsmobile. I 1904 trakk Olds å seg ut for å etablera seg som bilprodusent på nytt, og grunnla ein ny fabrikk med merkenavnet «Reo» etter forbokstavane i sitt navn. Fabrikken blei åpna i Lansing Michigan i USA, men blei stengt og reven i 1980.


Reo-merket hadde godt ord på seg for å vera driftsikre og slitesterke nyttekjøretøy før andre verdenskrig. Det blei importert Reo-bilar til Norge heilt fram til 1955.


Motorcompaniet i Stavanger var den lokale Reo-forhandlaren.

1 kommentar:

  1. Tror denne Reoen til slutt ble hogd opp av Jacob og Lars Bjørkeland. Girkassen endte opp i gavlabåten til Magne Nessa på Fister.

    SvarSlett