lørdag 2. januar 2021

Nye tider i Buøy-farten då «Øybrua» kom

 

«Øybrua» var ny i 1956. Hadde plass til ein bil meir enn «Trippen».
Foto: Stavanger Byarkiv.


«Øybrua», den nye Buøy-ferja, blei overlevert frå Høllen skipsverft i Søgne til Stavanger kommune den 5. november 1956. Prøveturen gjekk gjennom Ny Hellesund og alt såg lovande ut. Men vêret var ikkje det beste. Den nye ferja blei liggjande vêrfast i Søgne eit par dagar før den kunne gå vestover.


Folk på Buøy og Hundvåg var godt orientert om den nye ferja som var på veg. Den var sjøsett og døypt 5. august og Birgit Gjøstein var gudmor. Ho var gift med dåverande Stavanger-ordførar Tjalve Gjøstein som var på plass saman med 17 andre representantar for Stavanger kommune.


«Øybrua» var 20 meter lang, ein meter lenger enn «Trippen» som var ny i 1954. Dermed kunne «Øybrua» ta fem bilar, ein meir enn «Trippen».


Det var ikkje meir tid til festivitas då den nye ferja kom til Stavanger den 14 november 1956. Dagen etter gjekk den inn i ruta til «Trippen» som skulle på klassing. Med to ferjer på plass, var det nye tider. Bilferjene gjekk i rute frå seks om morgonen til midnatt.


På denne tida gjekk ferjene frå Breialmenningen i byen og Nyhavn på Buøy. Men i 1957 skulle Rosenberg byggja ny stordokk og då blei ferjeleiet flytta til Pyntesundet som blei endestasjon for ferjene så lenge dei gjekk til Buøy.


- Bortsett frå at «Øybrua» var ein meter lenger og tok ein bil meir, var dei to ferjene heilt like. Dei var driftsikre og gode å manøvrera, fortalde Olav Bergsagel til meg i 2005. Han var ferjeførar på dei kommunale bilferjene i alle år fram til ferjene blei privatisert i 1996.


Av ein eller annan grunn var dørene inn til styrehusene svært låge dei første åra. Seinare blei det sett inn nye, høgare dører.


Det var ferjeføraren som måtte sjå etter maskinen om bord. Det var berre ein maskinist som tok seg av vedlikehaldet for alle dei kommunale ferjene.


I juni 1963 kom den tredje Buøy-ferja, «Majoren». Då blei «Trippen» reserveferje.


På denne tida kom dei fyrste bruene mellom byøyane. Midt i 1950-åra blei Sølyst landfast med Grasholmen. Våren 1968 var Pyntesund-brua ferdig. Då var Buøy og Engøy knytta saman. Engøy hadde ikkje bruk for ferja lenger.

16 mai 1972 blei brua mellom Engøy og Sølyst åpna. «Øybrua» blei nå bilferje mellom Sølyst og byen. Dei to andre ferjene gjekk i den gamle ruta, men berre med passasjerar.

I 1976 blei det frakta 357 760 bilar mellom byen og Sølyst. Det var over 3000 fleire enn med Tau-ferjene og Høgsfjord-ferjene tilsaman.


«Øybrua» var ferdig då den nye «Sølyst» kom i oktober 1972.


Ferjedrifta blei avslutta då Bybrua blei åpna ved årsskiftet 1978 – 1979.


«Øybrua» blei i 1978 seldt til Jonassen og Østbø på Hundvåg og nedrigga til lekter. Seinare blei den seldt til brørne Kurt og Hallgeir Helgevold som dreiv firmaet Fjordtjenester.


(Kjelde for denne bloggen er ein artikkel eg skreiv om «Øybrua» i Aftenbladet i desember 2005.)

Ottar Sandanger stiller fylgjande spørsmål etter å ha lese denne bloggen:

Spørsmålet er: Når vart Buøy og Hundvåg bundne saman med fylling? Har spurt mange utan å få svar. Du konf veit vel det. Såg eit kart datert 1923 - då var det ope farvatn mellom øyane.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar