søndag 3. januar 2021

Gammal ferja i ny fjorda-dans!

 

«Rygerfjell» på veg til kai på Byre. Foto: Frode Lindboe.

Den 42 år gamle ferja «Rygerfjell» er sett inn i den splitter nye ferjeruta i Ryfylke. Ruta som gjeld frå årsskiftet minner mest om ei gammaldags fjordabåtrute, omfattar alle småøyane i fjordane der dei korkje har riksvegferje eller bru. Denne ferja skal dekka dette og hjelpa øybuarane med transport til næraste plass der dei kjem seg innpå riksveg-nettet.

Denne ferja seilte som «Høgsfjord» frå 1978 til 1992. 


- Same dansen, sama jentå, sa dei gamle ferje-matrosane då det var vaktskifte. 

Den nye ferjeruta minner
mest om ei gammaldags
fjordabåt-rute.

Navnet var «Høgsfjord» då ferja som ny blei sett inn i Høgsfjord-sambandet, Lauvvik – Oanes – Forsand i juli 1978. Den nye ferja tok 40 bilar og dermed blei kapasiteten fordobla i dette sambandet. - Me tykte ferja var stor då den kom til Forsand for fyrste gong. Men det viste seg fort at denne ferja blei for liten i helgene. På fredagskveldane og søndagane hopa bilane seg opp. Etter to – tre år blei det sett inn ekstraferjer i helgene for å ta unna trafikk-toppane, har Ingvar M. Fossan fortalt til meg. Han var kaptein på «Høgsfjord» i meir enn ti år.

Då denne ferja var ny, var det ein periodisk feil som plaga folka om bord. Av og til blei det full blackout då ferja nærma seg land og kapteinen skulle manøvrera ferja til kai. Gong på gong var det reparatørar om bord utan at dei greidde å finna feilen. Ein gong på Forsand fekk mannskapet hjelp av ein buss på ferjekaien for å taua ferja inn i støa.

Då den nye ferja blei døypt ved Steinkarkaien i Stavanger sa den fyrste kapteinen om bord, Johannes Grøtte, til Aftenbladet at han var skeptisk til koss det skulle gå med ferja i dei dårlege ferjestøene i Høgsfjorden. Han fekk rett i sin skepsis.

Når pendelferja bakka opp, sende ein stri straum vatn frå propellen i baugen rett inn i ferjestøa. Dermed blei sand og masse rundt kaifundamentet vaska bort. Spesielt ille var det på Oanes, der kaien begynte å siga. Her blei det seinare bygd ny ferjekai.

Vinteren 1989 – 90 var «Høgsfjord» ferdig i Høgsfjorden. Den gjekk litt i Midtsambandet, men viste seg lite passande der med berre ein salong under bildekket. I 1992 kom det ei ny ferja som overtok «Høgsfjord»-navnet. Nå fekk den gamle ferja navnet «Ternøy». Kort tid etter blei ferja seldt til Møre og Romsdal Fylkesbåtar og skifta navn til «Halsa».

I 2014 var den gamle «Høgsfjord» tilbake i Stavanger. Sjernarøy-rederiet L. Rødne og Sønner var ny eigar og ferja fekk nå navnet «Rygerfjell».

Ferja har nå gått som reserveferje for Vassøy-ferja «Rygerbuen» og eit par dagar i veka har den frakta bossdunkar frå Usken og Uskekalven tll fastlandet på oppdrag frå Sandnes kommune.

«Rygerfjell» blir gåande i den nye Ryfylkeruta til den nye ferja med navnet «Ryfylkeferjen» er ferdig bygd. Den nye heil-elektriske ferja blir bygd ved Westcon Yard i Ølensvåg.

«Ryfylkeferjen» skal overta Ryfylke-ruta når den er ferdig. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar