mandag 18. januar 2021

Eit under at eg kom meg gjennom folkeskulen!

 

Fyrste sida i minneboka mi som eg har i bokhylla mi.


Sjølv om eg har prøvd å gløyma det, avslørte den gamle minneboka mi frå barndommen nådelaust sanninga. Eg var jysligt seine å læra meg å lesa og skriva. Mi eiga handskrift og tilhøyrande teikning fortel sitt tydelege språk. Det sto ikkje rart til med lesing og skriving då eg var i ferd med å avslutta det fyrste skuleåret.


Som ein av seks fyrste-klassingar i ein småskule-klasse på 20 elevar var det ikkje lett for ein lærar å kjøra sju-åringane hardt i lese- og skrivekunsten når me var på skulen annankvar dag. Tysdag, torsdag og laurdag. Fyrste-, andre- og tredje klasse sat saman i skulestova.


Eg var sein i avtrekket, kan du seia. Etter at eg rådde ut av det, gjekk det greit både å lesa og skriva utan at nokon rundt meg oppfatta meg som nokon kunstnar verken i skjønnskrift eller høgtlesing. Løye at eg ikkje gav opp heile skule-greia sidan det virka så tungt i starten.


Lærar-nauda herja på bygdene på 1950-talet. Vormedalen to-delte skule i dei innerste deler av Hjelmeland sto ikkje akkurat på toppen av lista når dei altfor få, ny-utdanna lærarane studerte Norsk lysingsblad for å finna seg ein spennande lærar-post.


Skulehuset i Vormedalen på 1940-talet. Dette er lærar Arne Muri med syster
si som er fotografert. Lærarbustaden er bak dei. Skulestova var i andre delen av
skuleshuset.  Foto: Digitalt museum.

Men i Vormedalen var dei godt forsynt med lærar det året då eg skulle begynna på skulen. Ein vaksen og fullt utdanna lærar var på plass på skulehuset med skulestova i eine enden og lærar-bustad i andre. Han hadde kort veg på arbeid. Når han åpna døra bak i skulestova, blei det stilt som i grava. Ungane hadde respekt for læraren i dei tider i dei indre bygder.


Alvoret senka seg. Me song ein gudeleg song og deretter var bibelsoga fyrste time, kvar dag. Skikkeleg seriøst. Østerhusen, som me sa når me snakka om læraren, meistra til og med dramatiseringskunsten. I ein bibelsoge-time spelte han Paulus. Du visste kanskje ikkje at Paulus hadde vore med på drepa dei fyrste kristne i Jødeland, Han passa på kleda til dei som steina dei stakkars kristne.


Østerhusen tok av seg lærar-trøya og sette seg på kassen der alle skule-plansjane var lagra. Den sto rett fram forbi pultane på vindusrekka. Der sat han og viste oss koss sadistiske Paulus var før han blei omvende og ein svært kristen seinare. Dette er det eg hugsar best frå fyrste klasse på folkeskulen. Av minneboka mi ser eg jo at nokon meister i skriving og teikning blei eg ikkje den vinteren. Eg trur eg var prega av det store alvoret i skulestova og i tillegg eit inntrykk av at jamaldringane mine var flinkare enn meg.


Nekrolog i Aftenbladet august 1958.
Det store alvoret som eg opplevde det fyrste skuleåret var kanskje meir enn ein vrangforestilling frå mi side. Østerhusen var ikkje frisk. Han visste truleg at han var alvorleg sjuk. Rett før me skulle begynna på andre året på skulen i 1957, døde læraren i Vormedalen på sjukehuset.


Koss skulle det gå med oss skule-ungar då? Blei det skule i Vormedalen denne hausten?


Dei ansvarlege fann løysinga i den næraste Østerhus-familien. Dottera Grethe hadde nettopp teke artium og ho tok ansvaret for den to-delte skulen i Vormedalen i det føreståande skuleåret. Ho var seriøs og ambisiøs og eg trur eg var like redd for henne som for faren.


Eg hugsar godt at det var Grethe som tok ansvar, stilte oss ungane opp ved flaggstanga og sørga for å heisa flagget opp på halv stang 21. september 1957, Kong Haakon var død. Me hadde mista kongen vår. Grethe hadde i tillegg mista faren sin ein månad tidlegare. 


Som andreklassing blei det venta at du skulle kunne eit antal linjer med bibelsoge utanåt då du kom på skulen. Og du blei alltid høyrt. Sjøl om eg kunne alt på rams før eg gjekk himante, gjekk det i baddel då det blei min tur til å reisa meg opp og lira av meg alt dette med Jesus og læresveinane. Ein gong utpå våren gav Grethe opp. - Du må sitja igjen etterpå til du kan leksa di, sa ho strengt.


Då tenkte eg lynsnart: - Det kan eg ikkje. For eg skal henta sauene til bestefar frå beitet i Bakkane når eg kjem heim frå skulen, svara eg.


Men Grethe gav seg ikkje. - Då får du komma ned igjen på skulen når du er ferdige med sauene, sa ho og eg lova det.


Slik blei det. Litt seinare på dagen var eg nede på skulen igjen. Rettare sagt. Eg fekk komma inn på kjøkenet i lærar-delen av skulehuset. Rundt bordet i lærarbustaden gjorde eg greie for det bibelsoge-stykket som hadde stokka seg for meg tidlegare på dagen.

Eg har aldri gløymt deg, Grethe!

Alt gjekk greit og nå gjekk det opp for meg at Grethe var ei gilde dama. Det blei skikkeleg kjekt. Grethe fortalde meg om Hjallis, ikkje Jesus nå på ettermiddagen. Akkurat den dagen blei det klart for meg at Hjallis vant tre distansar i skøyteløpa i Olympiaden i 1952. Mora til Grethe kom også inn på kjøkkenet, og det blei ei skikkeleg kosestund. I minnet mitt blei dette til ei kveldsstund på fleire timar, men det er sikkert heilt feil. Det var nok toppen ein time.



Ikkje nok med at det blei eit kjekt møte på lærarkjøkkenet. Mora til Grethe fortalde om meg til besteforeldrene mine. Tenk han sa at han måtte hjelpa bestefaren sin med sauene før han kunne ta seg av bibelsoga, sa ho. Er det noko som rører besteforeldre meir enn skrøyt av barnebarna?


Den siste tida av andre skuleåret blei reine unnarennet etter denne ettermiddagen med Grethe.


Østerhus-familien flytta frå Vormedalen i 1958. Og Grethe begynte på lærarskulen. Dei kryssa ikkje min vegar så ofte i åra som kom.


Men plutseleg møtte eg Grethe. Eg som aldri blei meir enn eit tvilsomt blafrande skulelys, hadde reist til Bergen for å studera ved Universitetet. På studentane si eiga ølbule, Hulen, såg eg plutseleg ei dama som eg måtte sjå på fleire gonger. Modig som eg var blitt utpå kvelden, kunne eg ikkje dy meg. - E det deg Grethe? Jammen var det Grethe som var i Hulen. Ho var på universitetet i Bergen og studerte hovedfag i norsk.


Eg traff henne fleire gonger det fyrste året i Bergen. Tenk det. Me enda opp som samtidige studentar. Men eg blei rett nok gåande på universitetet i fleire år etter at ho var ferdig.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar