torsdag 28. januar 2021

Sola kom og hanen skeit!


Klokka 10.05 i dag 28. januar vann sola over fjellet hjå oss.


Brått fekk eg den skarpa sola rett i trynet. Klokkå 10.05 hadde den krabba over fjella og skein inn glaset vårt i Hjelmelandsvågen. Sjøl om fjellet gjekk oppover der sola skulle vidare, greidde den å halda seg høgt nok til å skina ned på oss alle på denne kalde januar-dagen då me hadde sett ti kalde grader på gradestokken. Det er svinkaldt her i elvatrekken på slike dagar.


Her inne i Ryfylke er folk vane med at sola er vekke opptil mange veker før og etter jul. Eit samtale-emne: - Tenk, ti veker er solå vekke hjå dei, kunne folk seia før i tida og dei gjer det vel kanskje ennå. Og det blei sagt på fleip at visse plasser var det så høge fjell at det skein verken sol eller måne. Onnesolt er eit velkjent omgrep innigjønå. Og han Johannes Vigane inne ved Breilandsvatnet var ikkje lite kry av garden sin: - Vigane, sol heila året, sa han og flirte nesten heilt rundt.


Hima hjå oss på Laugaland meiner eg at sola var vekke seks veker kvar vinter. Mor mi var heilt oppi vêret når dei fyrste solstrålene greidde å pressa seg gjennom den gresne furuskogen oppå Bjørkehaugen og skein gjennom glaset rett på veggen mellom stovå og bestastovå. Ein dag slik passeleg ut i januar.


Dagane blei lenger utover vinteren. Veit du koss eg fyrst lærte meg det? Jo, du ser det at søskenbarnet mitt, Magne, fekk lommalykt av vår felles bestemor til jul. Eg var kjempe-missunnelege. Og eg gjorde det klart for bestemor at eg ynskte meg lommalykt til geburtsdagen min i slutten av februar.


- Du har ikkje bruk for lommalykt då. På den tida er du ikkje ute etter at det er mørkt. Kveldane er blitt så lange at det nesten er leggetid for deg før du treng kunstig lys, sa bestemor. Trur du eg gav meg. Nei, eg maste om dette kvar dag. Eg fekk lommalykt som eg omtrent ikkje fekk bruk for før hausten etterpå. Gløymte aldri den leksa.


Utover i mars og april studerte mor mi sola som greidde å halda seg over himlaleite lenger og lenger for kvar dag. Og veit du kva ho presterte å seia: - Sola greier et hanefjed lenger for kvar dag som går. Ho brukte ein del løgne ord og vendingar, mor mi.


Min to år yngre bror, Dag, hadde notert seg dette. - Tenk solå går eit hanasjed lenger i dag, sa han. Han var ikkje så gammale, men visste at hanane skeit av og til, dei også.


Før eg sette meg til å skriva dette, googla eg sol og hanefjed. Trur du ikkje det var opptil fleire treff på sola som tok desse hanafjeda. Slik er det. Viss det blir så fint vêr som yr.no lovar framover, kan me sjå koss sola strekkjer seg den vegen hanen skite. Det blir kjekt i desse tider.


I dag forsvann sola bakom åsane i sør nøyaktig klokka 15.25. Då hadde me fått vår dose for i dag. Men ho hadde seg ein pause bakom Hjelmen mellom 12 og 13. Hu må kvila litt på denne tida. Men berre vent. Det er ikkje lenge før solå greier Hjelmen. Ei veke kanskje. Me får sjå!


OBS: Eit fjed er gammeldags dansk for skritt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar