onsdag 30. november 2022

Flymekanikar stakk av med jagarfly frå Sola!

 

Det var eit slikt jagarfly, ein Lockheed T-33, flymekanikar
 Arne Storli stakk av med frå Sola flyplass. Han hadde
 null erfaring som pilot. Foto frå flyblader.com. 


Flymekanikaren hadde null erfaring som flygar. Likevel stakk han av med eit jagarfly frå flyplassen på Sola midt på dagen. I tre nervepirrande kvarter var han i lufta i området rundt Sola. Han kom uskada frå eventyret, men understellet på flyet fekk store skader ved landinga som skjedde på "kuvis".


Det blei stor oppstandelse på Sola då det blei klart kva som hadde skjedd. Fleire fly var i lufta for å hjelpa den 21-årige "piloten" ned på flyplassen igjen. Han kom svært lågt innover Solakrossen på det fyrste landingforsøket, men steig brått opp igjen. På nestee forsøket kom han ned på fast grunn igjen.


Bildet av dei tre av hovudpersonane i jagar-dramaet på Sola var toppoppslag i Aftenbladet fredag
14. september 1956. Frå venstre major Nilseng, sjefen på skvadronen på Sola, flymekanikar
Arne Storli og løytnant Lossius som følgde Storli nesten heilt ned på bakken. 


Dette dramaet utspant seg torsdag 13 september1956 på Sola og fekk store oppslag både i Aftenbladet og mange andre aviser i dagane etterpå.


Arne Storli hadde alltid drøymt om å bli jagarflygar, men han slapp ikkje inn på Luftforsvaret si flygarutdanning. Dermed utdanna han seg til flymekaniker og var stasjonert på Sola der han var sjef for eit såkalla bakke-crew eller bakkemannskap for eit av jagarflya. På denne torsdagen hadde han og kollegene klargjort sitt eige fly og fått det vel opp i lufta.


Deretter krabba 21-åringen opp i eit av dei andre flya og fekk lurt seg av stad. Han kalla opp tårnet som om han var ein erfaren pilot og gav seg til kjenne med rett kjenningssignal og tok deretter av frå flyplassen.


Det blei slått full alarm då ein blei klar over kva som hadde skjedd. Tre-fire brannbilar rykka ut og blei plassert rundt på plassen og to ambulansar tok også oppstilling.


Arne Storli svara då han blei kalla opp frå tårnet på flyplassen. Der var major Nilseng frå Luftforsvaret på plass og assisterte han  i sluttfasen av flyturen.


Det fyrste landingsforsøket var mislukka. Løytnant Kavli frå Stavanger tok sitt fly kloss opptil det "lånte" flyet og viste kva Storli måtte gjera for å komma seg ned. Men han kom ikkje heldig inn og for folk på bakken såg det ut som om han ville styrta i Solakrossen. Men han tok flyet opp igjen.


På neste landingforsøk var det løytnant Lossius som flaug ved sida av Storli ned mot flyplassen. Nesten ned til bakken. Storli kom inn på landingsbanen, men flyet spratt opp igjen 20 meter. Det såg ut som om han prøvde å letta igjen, men farten var for liten. Dermed landa flyet. Flyet kjørte tvers over ei flystripe med hjula i bremsestilling, så over ei mark før flyet stoppa på parkeringsplassen framfor ein av hangarane.


Understellet på flyet hadde fått hard medfart, men flymekaniker Storli hoppa uskada ut. Dramaet var over.


Dermed kunne 39 flypasssjerar som skulle til New York ta plass i det islandske flyselskapet Loftleidir sitt fly som var klart til avgang. Passasjerane måtte søka dekning inne i ekspedisjonsbygget medan jetjagar-dramaet utspelt seg. Flyet blei ein halv time forsinka før det kunne letta.


Flymekaniker Storli blei arrestert og sendt til sjukehus for undersøkelse.


Neste blogg handlar om det som skjedde etter den dramatiske landinga.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar