lørdag 5. november 2022

11 rette på Minde-bussen!

 

Minde-bussen på stoppet i Småstrandgaten. Det var her eg starta å kjøra med 11 rette i tipping.
Foto: Bergen byarkiv)


Kjempegreier. Tenk 11 rette i tipping. Eg kan få mange tusenlappar i posten før neste helg!


I kjempehumør stakk eg frå tippekampen på svart-kvitt fjernsynet på studentbyen på Fantoft. Mens mine student-kameratar var i stigande vorspiel-stemning, drog eg meg lysande til byen for kjøra sporveis-buss. Det var tidleg på 70-talet og eg studerte i Bergen. Men eg hadde skaffa meg ekstra-jobb som vikar-sjåfør i Bergen sporvei. Eg hadde førarkort klasse 2, må vita.


I Sporveien mangla dei nesten alltid sjåførar. Derfor fekk du altfor ofte jobb viss du ringte og snakka med dei som laga vaktlistene. Eg kjørte for mange skift. Det gjekk utover studiene, heilt klart. Men eg dreiv på i fire-fem år og har mange kjekke minne frå den tida.


Rett før helga nå  var eg i Bergen i tre – fire dagar og fekk tid til å mimra litt om busslivet i gamle dagar i byen mellom dei sju fjell. Alt er jo forandra. Det einaste som eg fann som var som før. Starefoss-bussen er fortsatt linje 11. Men den endar ikkje i Parkveien på Sydneshaugen lenger. Nå går den til Nordnes så vidt som eg såg.


Tilbake til 70-talet: Ganske høg i hatten steig eg om bord i Minde-bussen på stoppet rett utanfor kontrollør-kiosken i Småstrandgaten. Dette var plassen der sjåførane på Linje 1, Minde-Engen, hadde  avløysingsgtoppet.


Kan ikkje hugsa om eg orienterte sjåføren som eg løyste av om den store tippepremien eg hadde i vente, men uansett følte eg meg rik og mektig der eg kjørte av gårde i den forholdsvis nye fine dansk-bygde DAB-bussen. Først til Engen. Så til Minde.


Viss ein ungdom har greidd å lesa så langt i denne bloggen, må eg opplysa følgjande: På den tida fekk du ikkje greia på koss store tippepremiane blei før tidlegast på NRK-Dagsnytt på mandagskvelden. Alt var manuelt i den tida. Fristen for å levera tippekupongen gjekk ut på onsdag ettermiddag. Kupongane blei så granska på Norsk Tipping på Hamar på mandagen. Vinnarane fekk postanvisning med premien eit par dagar seinare.


Mindebussane snudde i den tidlegare trikkesløyfa på Minde. Det var tett mellom bussane på linje 1 og dermed kunne det stå både to og tre bussar der og venta på neste avgang. Eg gjekk sjølsagt fram for å snakka med sjåføren som kjørte bussen før meg. Hans navn var Danielsen. Eg hugsar det ennå, men eg har gløymt fornavnet. Han var fast sjåfør på linje 3 Slettebakken – Byparken, men hadde tatt seg ei ekstravakt.


- Eg hadde 11 rette i tipping i kveld, sa eg.


- Eg hadde 10. Det hadde han foran meg også, sa han smilande og blid.


For ein nedtur! Ka slags tippepremie ville dette bli når alle sjåførane i Sporveien hadde 10 rette! Hadde eg kjørt kvelsdvakt på Starefoss-bussen, ville eg unngått denne nedturen. Der var det berre avgang ein gong i halvtimen. Dermed snakka du ikkje med andre sjåførar. Berre vinka til dei.


Den samla tippepremien min blei 71 kroner. Eg hadde ein elver og tre tiarar. 50 for elleve rette og sju for tiarane.


Det var den kvelden eg kjørte sporveisbuss og følte meg rik. Den turen det varte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar