tirsdag 8. november 2022

Me gjekk på Kongsgård og hadde 'an Peder til lærar

 


Lektor Peder Gjesteland ved kateteret på Kongsgård. Eleven er Jan Husebø. Han gjekk i ein 
annan klasse på realskulen. Bildet er frå boka "Kongsgård" frå 1999.


'An Peder la alle Kongsgård-elevar fort merke til mellom dei dresskledde lektorane på den fornemme skulen ved Breiavatnet. Han var omtrent den einaste som gjekk med lagerfrakke. Peder Gjesteland var hans fulle navn, men elevane sa Peder.


Den realskule-klassen som eg havna i hausten 1964, besto av elevar frå Ryfylke og Randaberg. Det var nytt og spennande å havna i ein klasse med ungdommar som du aldri hadde sett før. I tillegg måtte me ryfylkingar flytta på hybel for å skolera oss. Nå var me vaksne og skulle stå på eigne bein. '


Læraren i lagerfrakken kom brått inn i klassen då me begynte i andre klasse i 1965. Frøken Housken skulle ikkje ha oss i historie lenger. Nå overtok 'an Peder.


Dette var nye elevar for han. Difor måtte han gjera seg kjent med oss. Han drog opp klasseprotokollen frå skuffa i kateteret og begynte å lesa opp på navn i korrekt alfabetisk rekkefølgje. Alle måtte rekka opp handa og svara. Det gjekk rimeleg bra med dei fyrste til han kom til G.


Realskule-klassen vår fotografert i fysikksalen våren 1966. Fyrste rekke frå venstre: Geir Berg, 
Steinar Dalva, Edvard Eide, Svein Gjedrem og Arvid Goa. Andre rekke: Arvid Jensen, Hans
Kallevig, Klaus Klausen, Jarleiv Langvik, Jone Laugaland og Reimund Magnussen. Tredje rekke:
Arne Magnar Hovland, Karl Emil Sødergren, Terje Vareberg, Margot Bø og Reidun Enge. Fjerde 
rekke: Margrethe Hanasand, Toril Harestad, Kari Irene Håland, Sissel Raustein, Lillian Rødne og
Dagny Rørtvedt. Bakerste rekke: Kirsten Sande, Marie Elise Torkelsen, Ingvild Vadla,
 Kjellaug Vistnes, Torhild Vistnes og Odd Abrahamsen. 



- Svein Gjedrem, les 'an Peder.


- Det er meg, sa finnøybuen, beskjeden og høflig.


- Hadde du ein bror som gjekk her?


- Ja.


- Ka hette han?


- Njål, svara Svein Gjedrem.


Då tok 'an Peder og bladde i klasseprotokollen og fann karakterane våre til sommarferien.


- Meget, meget, meget, S, les 'an Peder opp og sa:


- Du e visst ei forbedra utgava du, konkluderte han.


- Kor e broren din blitt av?


- Han går på gymnaset på Hetland, svara Svein.


- Hels til han og sei han må skjemmast, sa lektor Peder Gjesteland og fortsette nedover på elevlista i klasseprotokollen.


I historie-timane den vinteren var 30-årskrigen ein del av pensumet. Ein del av denne krigen føregjekk i Westfalen i Tyskland.


- Heila Westfalen er ei store egra. Ikkje ein campingplass, sa 'an Peder som blei ganske populær i klassen, ikkje minst blant guttane. Han likte å småkrangla med oss innante-buar.


Før eg skreiv denne bloggen ringte eg til Njål Gjedrem og fortalte denne historien.


- 'An Peder hadde heilt rett. Eg var altfor sløve ein del av desse skule-åra. Men eg fekk opp dampen seinare. På universitetet i Bergen fekk eg jobb som vit.ass (vitenskapelig assistent), seier Njål Gjedrem som hadde fleire ledarjobbar i Statoil. Broren Svein blei som dei fleste veit, seinare sentralbanksjef.


Lektor Peder Gjesteland døydd i 1989. Han blei 84 år gammal. Fra 1947 og fram til han blei pensjonist i 1971 var han lektor på Kongsgård. Han hadde filologisk embetseksamen med faga engelsk, fransk og historie.


- Peder Gjesteland viet seg helt til skolearbeidet, trivdes med det og fikk med sin særpregede undervisningsform og væremåte elevene til å trives. Han var humoristisk og slagferdig kom derfor lett på bølgelengde med elevene, sto det i nekrologen i Aftenbladet 27. september 1989.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar