torsdag 24. november 2022

Grundig lurt av Posten!

 

Lett å finna Posten når du slår ned blikket og ser i golvet på Herbarium. 



Alle dei mailane eg har fått om gratis mobiltelefon og fristande tilbod om bitcoin-formuer som venta på meg, har eg resolutt sletta. Med tida har eg blitt meir og meir sikker på at ingen greidde å lura meg. Men då eg fekk ein enkel SMS frå Posten, gjekk eg fem på.


Det kom eit pling frå bukselommen sist tysdag. Eg var ute på tur. Målet var fyrst og fremst å samla skritt nok til at eg kunne snu og gå heim igjen.


Eg pritla ut mobilen frå lommen. Ein fersk SMS fekk meg til å klikka meg inn.


Ei sending til meg låg klar til henting på Stavanger Sentrum postkontor med hentekode og greier.


Tenk det du! Pakke til meg. Kva i all verda kan dette vera? Etter å ha lurt litt, kom eg på at dette kunne vera ei bok. Har sånn halvveis gått og venta på ei bok dei siste dagane. 


Nesten oppe på Ullandhaug, med panorama-utsyn over Ryfylke sto eg og hadde fått ein pakke i posten heilt nede i sentrum. Spennande! Brått endra eg planar og sette kursen mot Stavanger sentrum.


Men kor er posten henne? Inntil for kort tid sidan heldt postfolka til i det nye posthuset som erstatta det gamla som blei reve ein gong på 1970-talet.


Jo, nå var Posten flytta til Herbarium Shopping. Dette sto å lesa på døra til lokalet der dei heldt til før. For oss gamle som stadig seier EPA, er det berre til å skjerpa seg. Nytt navn, men den same gamle plassen.


Kor i all verden har så Posten klart å gøyma seg inne i dette sværa kjøpesenteret? Eg virra med håvet og kikka etter skilt. Skulle akkurat begynna å irritera meg då eg oppdaga at det berre var å slå ned blikket og kikka på golvet. 90 meter til Posten sto det der.


Med senka blikk orienterte eg meg fram til Posten. Det var ikkje svære plassen, men det var ein disk med to postfunksjonærar som sto klar til å hjelpa kundene. Eg trakk kø-lapp, men det var ikkje nødvendig. Ei vennleg dama noterte hentekoden min og gjekk for å leita etter pakken min i ei av dei fullstappa hyllene. Ho styrte på og snudde på pakkar og greier. Til slutt fann ho sendinga.


Eit ynkeleg lite hefte frå Den Norske Turistforening: Årboka for 2022. Det var ikkje større enn at det ville hatt god plass i postkassen vår på Tasta.


- Men denne er ikkje til deg. Er det kona di som heiter Berit, spurte postdama. 


Det viste seg at dei nye, smarte sorteringsmaskinene kan blingsa dei også. Adressa var rett, men mottakaren var feil! Likevel gjekk meldinga til meg. Posten visste mobilnummeret mitt. Du hendelse!


- Det hender at slikt skjer nå for tida. Ungar har bestilt pakkar som skal komma i posten, og så er det foreldra som får melding om at pakken er kommen, fortalde dama bak disken.


Tenk viss kona mi hadde bestilt ein pakke som ho skulle overraska meg med. Og så var det eg som henta den. For ei greia! Eller ho hadde bestilt ei klesplagg som var så dyrt at eg aldri skulle få greia på at det var innkjøpt. Ekteskapet kunne blitt sett på prøve. Dette er alvorleg talt ikkje godt nok.


Konklusjon: Posten må skjerpa seg. Eg blei grundig lurt. Og eg gjekk altfor langt på grunn av dette: 16.000 skritt. Halvparten hadde vore nok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar