tirsdag 15. november 2022

- Je ska drebe dere, sa frøken Housken, tysklæraren vår på Kongsgård

 

Lektor Jorunn Housken var tysklæraren min
på Kongsgård. Ei heilt spesiell kvinne som
eg aldri vil gløyma. 



Frykta for å få kjeft av frøken Housken på Kongsgård fekk små og store skulelys frå Randaberg og Ryfylke til å pugga ekstra mykje på tysk-leksa då dei begynte på realskulen.


Veldig ofte måtte ein del av leseleksa lærast utenat. Stakkars den som ikkje var i stand til å hosta opp tysk-teksten i full fart. "Die kleine Anna hat, wenn sie mit der Strassenbahn fährt, die schlimme Gewohnheit über die Menschen die der in sass, zu sprechen". Dette er berre ein av dei mange tysk-setningane eg stadig hugsar frå realskulen på Stavanger katedralskole i frå 1964 til 1966.


Lektor Jorunn Housken sette seg kraftig i respekt då ho steig inn i klassen vår 19. august 1964. Ho skulle ha oss i tysk og historie. Ho bryska seg fælt i tysktimane, men var ein heilt annan i historie-faget.


Sjølv dei lataste guttane, eg skal ikkje dra fram navn her, lærte seg til å henga med i tysken. Det var gloseprøvar, gjenforteljingar og grammatikk-ramser. Alt det som hadde vore kaudervelsk for oss i tidlegare tider blei nå både logisk og forståeleg. Tenk det!


Men det løgnaste av alt og det som gjer at eg alltid har tenkt på frøken Housken med glede, var at ho forandra seg i løpet av dette skule-året. Etter at ho hadde skræmt oss til å ta tysken på alvor, følte eg at ho framsto meir og meir som ei omsorgsfull, men streng tante etter kvart.


Intervjuet med Jorunn Housken i Aftenbladet 
14. juni 1945.



Den store avsløringa kom i mai 1965. Det var 20 år sidan fredsdagane i 1945. Frøken Housken viste seg å vera ein krigshelt. Randaberg-elevane som budde heime og såg på fjernsyn, kom plutseleg ein dag på skulen og kunne fortelja at frøken Housken hadde vore i konsentrasjonsleiren Ravensbrück under krigen. Seinare blei ho og mange andre fangar send til ein ammunisjonsfabrikk for å arbeida i produksjonen der.


Då dei russiske soldatene nærma seg austfrå, blei desse fangane, 3000 kvinner, flytta vestover. Under denne transporten rømte Jorunn Housken saman med to andre norske kvinner 12. april 1945. Dei tok seg fram i Tyskland på eiga hand i fleire dagar.


Etter eit par dagar traff dei på ein einsleg tysk soldat. Han fortalte at amerikanske styrkar var i nabobyen. 16. april gjekk dei rett i armane på den 4. amerikanske panserdivisjon.


Dei fekk ei strålande mottaking: "På en-to-tre disket amerikanerne opp med kaffi, egg og bacon, marmelade, frukt, sjokolade, sigaretter, engelske aviser – og fiolinkonsert ute på bakken i solskinnet, fortalte Jorunn Housken til Aftenbladet 14. juni 1945.


Etter eit par dagar saman med dei amerikanske soldatane blei dei norske kvinnene overletne til frigjorte tyskarar og plassert hos ein tysk familie ei tid.


Fleire veker seinare kom dei i kontakt med andre nordmenn på veg heim frå fangeleir i buss. Mellom desse nordmennene var det også unge nordmenn som hadde reist frivillig til Tyskland for å kjempa for tyskarane.


Gleda var stor hjå Housken-familien på Våland i Stavanger då dei fekk telegram frå Tyskland 3. juni. Dottera var i god behold. Tidlegare hadde dei fått melding om at Jorunn Housken sto på ei lista over fangar som var sakna frå fangeleiren Ravensbrück.


Men Jorunn Housken såg ikkje på seg sjøl som ein helt: "Jeg har ikke noe interessant å fortelle jeg, sier hun. Vi led ikke noe vondt, ble ikke mishandlet og hadde en seng hele tiden ..." Sa ho i intervjuet med Aftenlbladet.


Frøken Housken i vår realskule-klasse på Kongsgård våren 1966. Bildet er tatt av Kari Irene
Håland (Butlin).



Då ho kom i klassen vår med sin nye status som krigshelt, var tonen den same. Ho var smilande og blid, men meinte dette ikkje var all verda å snakka om.


Siste timen før sommarferien tok ho oss med på kafè Promenaden i Kirkegata og spanderte is, brus og kaker på heile klassen.


Lektor Jorunn Housken var ikkje berre tøffare enn toget. Ho var snill også.


Lektor Housken på veg inn i klasse 1 RA skoleåret 1967 -1968.
Foto: Kurt Petersen.



Frå kommentarfeltet på Facebook:

Tore Haugland: I moden alder fant hun ut at hun skulle ta lappen. Jeg var så heldig å være hennes trafikklærer. Kjøretimene var alltid morsomme og spennende. Hun hadde en herlig smittende latter. Det blei en del kjøretimer, så vi ble veldig godt kjent med hverandre. På godt stavangersk: «Ei herlige dama».


                                             

Frk. Housken i fri utfoldelse. Bildet tilhøyrer 
Jorunn Hagalid Grytten.










   

                                           


   







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar