fredag 2. desember 2022

Jagarfly-tjuveriet – idioti eller karstykke?

 


Det var eit fly av denne typen, Lockheed T-33, som Arne Storli stakk av med frå Sola 
flyplass. Foto: Jærmuseet. 


Flymekanikar Arne Storli havna ikkje i varetekst-arrest i tida etter at han stakk av med eit jagarfly frå Sola flyplass. Tvertimot. Han let seg intervjua i avisene i dagane etter og greidde ut om heile røvarshistorien.


Han blei avhøyrt av undersøkelseskommisjonen etter at han var landa. Etterpå fekk han gå heim. I fengsel var han heller ikkje. Høyesterett fastsette straffa til seks månaders betinga fengsel med ei prøvetid på to år. I løpet av den tida skulle han betala 7000 kroner i erstatning.


Planen var at Arne Storli skulle gjera denne flyturen onsdag 12 september. Kvifor akkurat den dagen? Jo, for då fylte han 21 år og var myndig. Dermed kunne han ta heile ansvaret sjølv og ikkje blanda sine pårørande inn i dette.


Aftenblad-journalist Jon Storækre oppsøkte 21-åringen heime på Joa kvelden etterpå og der svara han villig på alle spørsmål.


Dårleg vêr var årsaka til at flyturen blei utsett til dagen etterpå.


- Starten gjekk som den skulle. Det var fint å komma opp i lufta. Flyet flaut så fint, forklarte Storli til Aftenbladet.


Han hadde drivstoff nok til å vera minst to timar i lufta, men flyturen var tydelegvis ikkje populær. Skvadronsjefen beordra han til å avslutta turen.


Til Rogalands Avis sa Arne Storli at han verken var full, galen eller suicidal då han stal flyet. Han ville berre visa både for seg sjølv og andre at han kunne manøvrera desse flya like godt som nokon andre sjølv om han strauk på opptakingsprøva på flyskulen to gonger. Han hadde aldri fått noko svar på kvifor han ikkje var kommen inn.


Heilt sidan han begynte som flymekaniker hadde han jobba med desse T-33-flya og hadde sett dei ta av og landa tusenvis av gonger. Eit par gonger hadde han også vore i lufta som passasjer på desse flya. I tillegg hadde han lese alt som var av tilgjengeleg litteratur om desse flya.


- Var du klar over at du ville bli oppdaga?


- Javisst. Og eg var klar over konsekvensene. Men at det skulle bli så mykje bråk med skriving i aviser og slikt, hadde eg ikkje drøymt om, sa Arne Storli til RA. Han visste ikkje korleis det villee gå med jobben på flyplassen etter turen.


- Dette var idioti. Slett ikkje noko karstykke, sa major Sven Hauge til Aftenbladet.


I flykretsar såg ein svært alvorleg på saka. Storli hadde ikkje berre stole eit fly og kosa seg med det. Han hadde sett liv og eigedom på Stavanger-halvøya i ytterste fare, sa major Hauge.


Tidlegare flygeledar-sjef, Arne Helvik, fortalde om sin befatning med denne saka i Solabladet i 2008. Han var fersk flygeledar og på vakt då Arne Storli stakk av med jagarflyet.


- Han lurte meg til take-off. Som mekaniker var han godt kjent med flyets instrumenter og hadde overhørt hvordan flygerne gjorde når de kalte opp tårnet for å ta av, fortalte Arne Helvik.


Hafrsfjord herredsrett dømte sersjant Arne Storli til 120 dagars fengsel og til å  betala 47 000 kroner til Staten etter røvartoktet med jetflyet.

Høyesterett endra straffa til betinga fengsel og 7000 kroner i erstatning.


Fyrstevoterande i Høyesterett skreiv mellom anna: "Han er en tidligere ustraffet ung mann fra et godt hjem og han har aldri lagt for dagen kriminelle tilbøyeligheter. Den straffbare handling må nærmest sees som et utslag av en slags vrangforestilling som har festnet seg slik at han ikke lenger har hatt det normale herredømme over sitt viljesliv".


Jan Petter Helgesen laga mykje flystoff i si tid som journalist i Aftenbladet. 



Jan Petter Helgesen, tidlegare Aftenblad-journalist, opplyser at Arne Storli drog til USA og utdanna seg til helikopter-flygar. Han budde i Los Angeles-området resten av sitt liv.


Helgesen opplyser også at jagarflyet som Storli brukt til den omtalte flyturen frå Sola fekk så store skader etter landinga at det aldri kom i lufta igjen. 


- Denne hendinga skal vera heilt eineståande. Ingen andre utan pilot-erfaring har greidd å stela eit jagarfly og fly av garde med det og seinare komma uskada frå det, seier Jan Petter Helgesen.


Jan Petter Helgesen påpeikar det ikkje er korrekt å kalla T33-flyet for jetjagar, Dette var eit jet-treningsfly. Forsvaret brukte desse flya til opplæring av framtidige jagarpilotar. T står for training. Thunderjet var Forsvaret sitt jagarfly i desse åra. 

Dåverande major Sven Hauge blei seinare general. Han var norsk forsvarssjef frå 1982 til 1984. 



Høgsterett-dommen blei omtalt i Aftenlbladet i september 1957.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar