lørdag 19. november 2022

Oddvar Lavold er død

Lokaljournalist Oddvar Lavold med fotoapparatet på lur over haugen med 
kommunale sakspapirer i 1981,

 


Den tidlegare Aftenblad-journalisten, seinare lokalavis-redaktør og til slutt forfattar av mangfoldige jubileumsbøker, Oddvar Lavold, er død. Han blei 88 år gammal.


Mange eldre Aftenblad-lesarar hugsar stadig Oddvar Lavold med signaturen ola. I 1961 starta han Aftenbladet sitt Sauda-kontor. Men frå 1963 var han Aftenbladet sin mann i Sandnes og dekka Sandnes og Jæren meir eller mindre åleine i årevis. Han var utruleg produktiv og allsidig. Dessutan ein vennleg og imøtekommande mann som alle sette pris på. 


Oddvar Lavold var frå Bakke ved Flekkefjord. Etter militærtjenesten fekk han jobb som journalist i Dagbladet Rogaland i Stavanger. I 1957 drog han på journalist-kurs ved Universitet i Århus. På same kurset gjekk Doris som var journalist i avisa Vestkysten i Esbjerg. Dei blei kjærastar og gifta seg. Mange var skeptiske til at eit ekteskap mellom to journalistar kunne vara. Dei tok feil. Doris og Oddvar har levd lukkeleg i alle år. Og sjølv om Oddvar var ein travel mann, var han nok heime til at det blei tre barn, Gro, Jarle og Kirsti. Seinare har det blitt fem barnebarn og fire oldebarn. Doris er stadig frisk og oppegåande. Ho er 87 år.


Det var litt av ein overgang for danske Doris å komma frå Ålborg til Sauda. Her måtte ho finna seg til rette medan mannen skreiv om ein smelteverkstreik som blei uendeleg lang, ein svinkald vinter og brøytekanter som aldri har vore høgare.


Oddvar Lavold fekk med seg det meste. Den danske 
svigermora kom på besøk. Vegen langs fjorden var stengt.
Svigermot kom frå Ølen med buss, men måtte over på
rutebåten "Hylsfjord" frå Ropeid, Derme blei gjensynet med
svigermor også eit fyrstesideoppslag i Aftenbladet 15. mars 
1962.



I 1963 flytta familien Lavold til Sandnes. Der bygde dei hus på Trones der sonen Jarle bur i dag.


Avislivet blei endå meir hektisk som einaste journalist i industribyen innerst i Gandsfjorden. Oddvar Lavold skreiv om alt: Brannar, bilulukker, næringslivet og kommunepolitikken. I tillegg skulle han dekka kommunepolitikken både i Sandnes og nabokommunane. Som om ikkje det var nok, var han Aftenbladet sin bil-journalist. Han laga uendeleg mange bilsider opp gjennom åra. Som teknisk interessert var det i tillegg naturleg for han å ta ansvaret å skriva om utviklinga av industrirobotar på Bryne.


Eg opplevde fenomenet Oddvar Lavold på nært hald som kollega av han på Sandnes-kontoret frå 1980 til 1982. Då starta han rett som det var dagen med å ringa diverse kommunale etatsjefar i Sandnes for å vita kva vedtak som var gjort i kommunale utval kvelden før. Han noterte litt i sakspapira som han hadde liggjande framfor seg.


Deretter ringte han Aftenbladet sitt sentralbord og bad om å få diktafonen, som dei sa på den tida. Der satt ei dame klar med båndopptakar og skrivemaskin. Lavold dikterte i veg utan å ha kladda noko manus. Det gjekk strålande. Tre-fire timar seinare kunne Sandnes-folk lesa i avisa kva som var vedteke i rådhuset kvelden før.


Brannar og ikkje minst brannbilder var godt stoff. Dette blei dekka grundig av Aftenblad-journalisten som utvikla eit nært forhold til Sandnes brannvesen. Brannfolka var på den tida utstyrte med ein slags personsøkar som begynte å pipa straks det var brannutrykning. Ein slik søkar hadde også Lavold fått slik at han kunne vera raskt på pletten


Når det peip i personsøkaren, ringte Lavold til brannvesenet for å få vita kva som brann. - I dag er det fyr i eit uthus på Ganddal, svarte vakthavande på brannstasjonen. Ikkje all verda med andre ord. Lavold hadde det travelt med andre oppgaver og tvilte på om han ville rykka ut på ein så lite viktig brann. - Kan me berre slokka då, spurte brannmannen.


I 1987 blei Oddvar Lavold redaktør i lokalavisa Agder i Flekkefjord. Doris og Oddvar kjøpte hus i Flekkefjord og etablerte seg der. Redaktør-jobben passa ikkje så godt for den aktive og skrivande journalisten. Som 60-åring hoppa han av og etablerte seg som forfattar av jubileumsbøker og bedriftshistorier. Det blei 26 bøker. Dei aller fleste med utgangspunkt i Sandnes og nabo-kommunane. Men den siste handla om Flekkefjordbanen.


Doris og Oddvar fekk mange gode år som pensjonistar. Dei hadde ein eigedom på Rømø på den danske vestkysten. Der var dei ofte på lange feriar. Avstanden mellom Flekkefjord og Rømø var jo heller ikkje avskrekkande lang.


Helsa svikta dei siste tre-fire åra og Oddvar Lavold sovna stille inn. Han blei gravlagd fredag 18. november.


Kommentar påFacebook:



Ingvar Waage

Det var mannen som skrev i SA om forliset til Munken vest av Lindesnes 08.07.1960 som jeg var med på som 8 åring sammen med mor, far og to eldre brødre. Han møtte oss ved hjemmkomst på Austrått. Da han pressenterte seg som journalist fra SA utbrøt min mor: eg har ikkje glømt å betala avisregningen vel?

Fyrstesida Aftenbladet 8. juli 1960.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar