torsdag 18. februar 2021

Hoggjen – ein hardfør heiamann og jeger frå Hjelmeland

 

Hoggjen i unge år. Navnet var Johannes P. Tøtland, men han skifta
etternavn til Øvrabø etter at han kjøpte eige gardsbruk.


Han skaut jervar, revar og ørn. Ein gong skaut han 12 – 13 ryper i eit skot. Johannes P. Tøtland var det offisielle navnet, men i daglegtalen sa folk i bygda Hoggjen. Han var fødd i 1867 på husmannsmannsplassen Hogget under garden Tøtland i Vormedalen. Mellom mannfolka i bygda blei han omtala med respekt. Ein jeger og heiamann utan sidestykke!


Varden på Fjellsenden. Foto: UT.no

Han kom frå enkle kår, men hadde gode evner og vilje til å utnytta dei sjansane det var i denne bygda til å arbeida seg opp og fram. Ein flink murar blei han som vaksen. Det står ennå fine, forseggjorde gråsteinsmurar igjen etter han. Den flotte steinvarden på Fjellsenden i Vormedalsheia, 1101 meter over havet, var det Hoggjen og medhjelparane hans som har æra for. Den blei sett opp i 1917 på oppdrag frå Statens Kartverk. Byggjesteinen var sprengt ut på staden.


Ved å søka i Aftenblad-arkivet finn du navnet til Hoggjen fleire gonger. Han skaut jerv og rev kvart einaste år. Og desse jakthistoriene havna i avisa av og til.


Aftenblad-meldar Bjarne Fosså frå Hjelmeland skreiv om Hoggjen i februar 1967.

 -Ein av dei flinkaste skyttarane i Hjelmeland i eldre tid. Han lika godt å ferdast i skog og mark med børsa og var ein glup veidemann, skriv Fosså og held fram:

Ein vinter under fyrste verdenskrig tok Hoggjen livet av fire jervar. Den eine skaut han. Han oppdaga fotefara etter jerven og følgde dei til dei enda i ei ur ved Fjellsenden i heietraktene aust for Vormedalen. Han lada børsa og la seg på vakt. Då jerven synte seg, fyrte han av og jerven blei liggjande daud. Dei andre jervane tok han i saks.

 Ifølge sonen Gunvald Øvrabø tok faren tilsaman sju jervar i si tid.

Forresten snakka dei ikkje om jerven i Vormedalen. Dei sa "arven"!

Kleivalandsmoen som Hoggjen kjøpte og kalla Øvrabø. Foto: Harald Liebich.


Jegeren fekk over1000 kroner i skotpremie for å fella ein jerv for 100 år sidan. 1000 kroner i 1920 tilsvarar 20.204 kroner i dag, ifølgje priskalkulatoren til Norges Bank. For Hoggjen var dette ei viktig inntekt, kan du skjøna. Dei brukte han til å kjøpa seg eige bruk på Kleivalandsmoen og busette seg der. Dette er den øverste garden på Kleivaland som Hoggjen gav navnet Øvrabø. Fotturistar som parkerar på Kleivaland for å gå til fjells, passerer husa på veg oppover mot høgheia.


Ingen veit koss mange revar Hoggjen skaut eller tok i fellene sine. Men ein gong blei han lurt av ein rev. Han kom heim med reven som han anten hadde skote eller tatt i saksa. Den trudde han var daud og la den frå seg i vedaskuten. Litt seinare kom han ut igjen, men då var reven vekke. Den var ikkje så daud som Hoggjen trudde.


- Betre lukke hadde han med seg ein gong han fekk skyta 12-13 ryper i eit skot. Dei sat i ein vier-runne, skriv Fosså.


Hoggjen dreiv også med jakt på småvilt. Han hadde skote ein hare ein gong og let den liggja på berget medan han ladde børsa på ny. Akkurat då han var omtrent ferdig med ladinga, kom det ei ørn og ville ta haren, men jegeren reagerte kjapt og skaut ørna også.


Vinteren 1936 var Hoggjen ille ute. Ikkje på jakt i høgheia, men nede i Vormedalen. I Aftenbladet frå 25. januar 1936 står det om dramaet:


Måndag var det eit fælande snørôk i Vormedalen. Den kjende veidaren og heiekaren Johannes Tøtland – Hoggjen som han til dagleg vert kalla – hadde vore nede i Vika (Tøtlandsvik). Men på heimvegen vart han overfallen av snøstormen og fekk så vidt berga seg i hus hjå Johannes Tøtland d.y. Dit hadde han lote krabba eit langt stykke. Folke hans tok ut på leit og var glade då dei fann han velberga.


Koss kunne det ha seg at den gamle heiamannen heldt på å bli overmanna av snørôk nede i Vormedalen? På denne tida var Hoggjen 69 år. På sine eldre dagar blei synet hans dårleg og då han døydde i 1948, var han blind. Han har nok hatt problem med å sjå seg føre i uvêret.

Eg skal ikkje gi meg ut for å vera nokon Hoggjen-historiker. Denne bloggen er basert på dei opplysningane eg har funne i Aftenblad-arkivet og det som Ingvar Bjørnhus og Norvall Tytland har skrive om denne særmerkte mannen. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar