22-årige Merethe Samuelsen er matros og billettør på ferja "Vannes" som går i sambandet Hjelmeland, Nesvik, Ombo. |
- Merethe er over middels interessert og engasjert i ferjedrift, kan du seia. Ei jenta som gjerne diskar opp i byssa med god mat på laurdagskvelden og lagar framifrå salatar, fortel ein kollega.
Ikkje løye at 22-åringen er interessert i jobben og det som skjer rundt henne. Etternavnet er Samuelsen. Oldefaren, farfaren, faren, Arne, og to onklar og to brør er også sjøfolk. Dessuten har både mora, Gunvor, og fleire tanter jobba med reinhold og kioskdrift på ferjer og hurtigbåtar.
Ho har det i blodet kan du trygt seia.
- 1. juli i fjor begynte eg som vikar i Norled, fortel Merethe som er matros med fagbrev som det heiter i dag. I år fekk ho fast jobb i selskapet.
Ferja "Vannes" er ny av året. Den tilhøyrer Boreal Transport, men er utleigd til Norled og går i Hjelmelandsruta. |
Nå er ho kombinert matros og billettør om bord i "Vannes" som går i ferjeruta Hjelmeland - Nesvik - Ombo. Denne ferja er ny av året og tilhøyrer Boreal Transport, men er utleigd til Norled for å gå på
Hjelmelandsfjorden.
Ho har funne seg godt til rette om bord. Her jobbar dei ei veke og har to veker fri. Dei er i alt sju om bord på ein gong og har 13 timars arbeidsdag.
"Vannes" ved ferjekaien på Skipavik, Ombo, i dag 17. desember 2017. |
Folka som jobbar på fjordabåtar og ferjer, er vant med å skifta båtar rett som det er. Merethe har alt vore på "Hjelmeland", "Sjernarøy", "Stallovarre", "Foldøy", Bjørnefjord" og "Sigrid".
- Kvifor blei du matros?
- Ved middagsbordet heime blei det snakka så mykje om ferjer og fjordabåtar at eg knapt visste om andre yrke, seier Merethe og smiler.
Tre av fire søsken er sjøfolk: Andreas (27) er stuert på Møkster-båten "Strilborg", Jostein (25) er matros på "Foldøy". Lillesøstera, Stine (21) er utskuddet i familien. Ho utdannar seg til sjukepleiar i Kristiansand. Faren, Arne, er matros på ferja "Sjernarøy" i Midtsambandet.
Gamle "Fjordsol" er jo utgangspunktet for denne adventkalenderen. Me kom litt ut av kurs då eg begynte å skriva om motormann John Samuelsen og hans familie. Men det var jo interessant. Tydeleg at Samuelsen-folka har likt seg godt på båtane og er stolte over bakgrunnen sin.
Lovar å vera tilbake i "Fjordsol"- ruta i morgon. Hald ut!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar