lørdag 16. desember 2017

Samuelsen-sjøfolk på alle fjordabåtar

 Samuelsen-familien i 2010: Kaptein Svein Magne Samuelsen, til venstre, maskinsjef Jan Henrik Samuelsen,
matros Arne Samuelsen og matroslærling Jostein Samuelsen. Bildet er teke bloggaren personleg.


Ikkje nok med at han var ein trufast motormann i Stavangerske. I tillegg sørga han for at tre sønner begynte på båtane i tur og orden. Samuelsen-navnet er blitt eit fast innslag i fjordafarten. 

Kållempar John Samuelsen frå Sjernarøy måtte gå i land frå dampbåten «Rogaland» i Odda i slutten av april. Stavangerske-båten hadde gått inn i Hardangerfjorden etter krigsutbrotet 9. april og enda opp i inst i Sørfjorden. Der gjekk Samuelsen og resten av mannskapet i land. 
John Samuelsen i maskinrommet på "Fjordsol".

Men John Samuelsen kom sterkt tilbake. Han seilte på fjordabåtane i aldri så mange år etter krigen. Som eg fortalde i går: I 1977, to år etter at han hadde gått i land som pensjonist, var han henta inn som motormann på "Fjordsol". Dette var ikkje siste gongen han var tilbake på båtane. 

Dessutan sørga han for at Stavangerske har hatt rikeleg med Samuelsen-folk å velja i når dei skulle bemanna båtane sine.

Tre av sønnene hans har jobba på ferjer og fjordabåtar i alle år. I tillegg har dei vore ivrige til å stilla opp når veteranskipet «Rogaland» treng mannskap.

- 8 kroner og 20 øre fekk far utbetalt då han mønstra av i april 1940, fortel sønene. Seinare under krigen tjenestegjorde Samuelsen på «Øybuen». Han blei verande i Stavangerske i mange år etter at dampbåtane slutta å gå. Han døydde i 1995, 80 år gammal. 

Hausten 1951 gjekk han i land frå dampbåten «Sandeid». Denne båten forliste 5. desember same året. Fjordbussen «Fjorddrott» blei hans nye arbeidsplass. Der var han motormann i 13 år. Deretter skifta han til ferja «Tau» der han blei fram til han kunne gå av med pensjon i 1975. I åra etterpå var han om bord i fjordbåtane som vikar mange gonger. Mellom anna tjenestegjorde han på gamle «Fjordsol» siste tida den var i drift hausten 1977.

John Samuelsen om bord i "Tau" saman med matros Magne Hansen og
maskinist Bjarne Idsø. Fotograf ukjent.
 - Då eg var maskinist på «Årdalsfjord», hadde eg far med som motormann, fortel Jan Henrik Samuelsen som var den fyrste av sønnene som begynte i «Selskapet». Jan Henrik gjekk på yrkesskule i Stavanger og hadde bruk for sommarjobb. Då gjekk faren på til mannskapssjefen Rasmus Kyvik, sjefen over alle sjefar for dei om bord i båtane, og spurte etter jobb for sonen. Sidan tok Jan Henrik maskinistskulane og blei verande i Stavangerske i alle år. Nå er han pensjonist, men tek ein og anna ekstra-jobb på ferjene når dei manglar maskinist.

- Såg arbeidet til faren din så spennande ut at du og brørne måtte kopiera han?

- For oss som vaks opp på Sjernarøyane og gjerne ville bu der, var der ikkje så mange alternativ. Derfor blei det naturleg å begynna i Stavangerske.

- Fekk du mange råd av faren din? 

- Eit einaste. Då eg drog ut på ein Stavangerske-båt som gjekk på Raudehavet og Middelhavet, sa han ein ting: Hald deg vekke frå tatoveringar! 

Mange brør har seilt på Stavangerske-båtane. Tre brør hos same arbeidsgivar er sjeldan i dag. Tidlegare var det meir vanleg. Til og med eg kan rekna opp fleire slike broder-flokkar.

Alle Samuelsen-brørne har vore tillitsvalde i sine tre ulike fagforbund. Eldstemann, Svein Magne, 59, var kaptein på «Sjernarøy». Nå er han pensjonist, men er innom som vikar av og til. Tidlegare var han tillitsvalt i Norsk Sjøoffisersforbund. Jan Henriks var maskinsjef på «Foldøy». Han var tillitssvald i Det Norske Maskinistforbund. Arne, 57, er matros på «Sjernarøy». Han har nå over 40 års teneste og har vore tillitsvald i Norsk Sjømannsforbund. Sonen til Arne, Jostein, er nå matros på "Foldøy". 

Forresten er det meir Stavangerske-historie i familien: Bestefaren til Samuelsen-brørne, Sven Mandius Samuelsen, var i si tid fyrbøtar på Stavangerske-båtane «Kronprinsesse Martha» og «Bergen». 

Dagens spørsmål: Er det ikkje jenter i Samuelsen-familien? Du får svaret når du åpnar søndagsluka. Vart du spent no?







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar