onsdag 4. september 2024

Sogna-trilling blir Ryfylke-vikar

 


Trillingen "Hella" blir reserveferje i Ryfylke i vinter, Foto: Uwe Jakob.


Frå 2. oktober skal den to år gamle ferja «Hella» vera på plass som vikar-ferje i Ryfylke. Denne ferja har elektrisk framdriftsmaskineri på same vis som ferja «Nesvik» som går i ferjesambandet Hjelmeland – Nesvik – Ombo.  I sommarsesongen går «Hella» i Sognefjorden i sambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes.


Fram til utgangen av april får nå denne ferja fast liggjeplass ved ferjekaien på Hjelmeland. Den vil gå inn som vikar for ferjene «Nesvik» og «Hydra» på Hjelmelandsfjorden og for ferjene i Finnøy-sambandet. Neste sommar er den tilbake i Sogn der det går tre ferjer om sommaren. Det er trilling-ferjene «Hella», «Dragsvik» og «Leikanger». I vintersesongen går det berre to ferjer i dette sambandet.


Desse ferjene har same kapasitet som Ryfylke-ferjene: 80 personbilar og 295 passasjerar. Men Sogneferjene har ein flott panorama-salong over bildekket.


Annette Røberg er driftsledar i Norled, Rogaland.
Foto: Tor Inge Jøssang, Aftenbladet.



- Ferja «Hordaland» skal vera vikar i Ryfylke kommande sommar. Den skal pussast opp i vinter. «Hella» kjem tilbake neste haust igjen, opplyser driftsledar i ferjerederiet Norled, avdeling Rogaland, Annette Røberg.


Norled fekk anbudet på ferjesambandet i Sogn frå 2020. Trillingferjene blei bygde i Singapore og levert i 2022. Anbudet varer fram til 1. februar 2026.


Kaptein Ørjan Handeland og maskinsjef Odd Terje Olsen blir faste folk på reserve-ferja «Hella» i vinter. Resten av mannskapet blir henta frå dei ferjene som blir tekne ut av drift.


Dei siste tre åra har ferja «Hjelmeland» vore reserveferje i Ryfylke. Den skal nå setjast inn i ferjeruta Herøy – Søvik i Nordland.


Ferja "Hydra" fekk problem etter at den hadde løyst av "Hjelmeland" som straks sette kursen
nordover. Plutseleg var det ei ferja igjen i dette sambandet. "Hjelmeland" snudde ved 
Haugesund og gjekk sørover igjen. Her er den fotografert i Boknasundet. Litt seinare
snudde den på ny. "Hydra" var i fart igjen. Foto: Gunhild Byberg.
v

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar