mandag 23. september 2024

Kor er «Jøsenfjord»-klokka?

 


Ferjerederiet Norled har ein haug med gamle skipsklokker. Men "Jøsenfjord"-klokka er 
ikkje å sjå.




I september 1980 gjekk den 94 år gamle rutebåten «Jøsenfjord» over Nordsjøen for eigen maskin. Bortsett frå ein kraftig brann i skorsteinen, gjekk turen knirkefritt fram til den tyske småbyen Brake i nærleiken av Bremerhaven.


Spørsmålet nå er om den flotte skipsklokka på denne gamle, ærverdige båten var med på denne overfarten. Alle som har levd ei stund, og vel så det, hugsar den flotte klangen i denne klokka når den store fjordabåt-flokken ringde til avgang på ettermiddagen langs kaiane i Stavanger. Tinge-linge-ling og lingelei!


"Jøsenfjord" i nederlandsk versjon.



Den 19. desember 1978 gjekk «Jøsenfjord» sin siste tur frå Foreneset til byen. Etterpå låg den i opplag på Stavangerske sitt verksted på Klasaskjeret heilt fram til tyske kjøparar overtok både «Jøsenfjord» og «Årdalsfjord» i 1980.


- Eg veit ingenting om denne klokka. Den blei ikkje brukt og heller ikkje omsnakka på turen. Den kan ha vore fjerna alt då, seier Magne Sildelid frå Sjernarøy. Han var styrmann på turen over Nordsjøen. Sildelid hadde vore styrmann i utanriksfart i alle år. Han hadde ingen bakgrunn frå fjordafarten verken i Jøsenfjord rutelag eller Stavangerske.




Magne Sildelid verken såg eller høyrte gjete 
skipsklokka på turen over Nordsjøen.


- På ein kairunde blei eg praia av Konrad Knutsen, min gamle klassekamerat frå styrmannsskulen. Han skulle vera kaptein på turen og ville ha meg med som styrmann. Bortsett frå brannen i skorsteinen gjekk alt greit fram til Bremerhaven. «Årdalsfjord», derimot, rota seg litt bort og var på veg til Den engelske kanalen før dei fekk snudd, fortel Magne Sildelid.


Håvard Mathiesen, best kjent som seilmakar Mathiesen, har ikkje tru på at skipsklokka var med på turen over Nordsjøen.


«Jøsenfjord» låg jo lenge i opplag i Stavanger før den blei seld. Kan det har vore suvenirjegrar om bord og teke klokka?


Veteranbåten «Jøsenfjord» er snart ferdig restaurert i Norheimsund i Hardanger. Nå bør alle gode krefter gå saman og leita etter klokka med den flotte klangen.


Ikkje nøl med å seia frå dersom du har opplysningar!


«Jøsenfjord» blei henta tilbake frå Nederland til Norge i 2011. Arbeidet med å føra den nå 138 år gamle veteranbåten tilbake til fordums glans, har pågått i alle år etter dette.


Aftenbladet 19-9-1980.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar