![]() |
Tanja Øvrum Kvame reknar med å kjøpa ein god del av ulla ho treng frå sauebønder i bygda. |
Eit forrektigt spinneri er i løpet av eit par-tre veker i full drift på Hjelmeland. Tanja Øvrum Kvame åpnar snart dørene for garnkjøparar som vil strikka kufter med lokalt produsert garn som i stor grad er spunne av ull frå sauene i bygda.
Tanja (54) og ektemannen Jostein Kvame (56) har etablert selskapet Ryspinn og skal driva spinneri i bygget ved Steinslandsvatnet der morfaren til Jostein, Ragnvald Fjælberg, dreiv treskofabrikk i si tid. Det nye spinneriet ligg berre eit drygt steinkast frå kulturhuset Spinneriet nede i Hjelmelandsvågen.
Spinneri-eigarane har budd i Stavanger i mange år. Tanja har jobba som kunst- og handverk-lærar på Ullandhaug skole og Jostein, som er frå Hjelmeland, jobbar i oljebransjen. Dei har to vaksne barn.
Huset i Hjelmelandsvågen der Jostein sine besteforeldre budde, har dei hatt som hytte. Nå bur Tanja stort sett her heile tida. Ho har full sjau med å få spinneri-drifta i gang. Ho reknar med å ta inn arbeidshjelp etterkvart. Men Jostein vil fortsetja i "oljå".
![]() |
Tanja Øvrum Kvame og mannen Jostein åpnar spinneriet i huset der morfaren til Jostein dreiv tresko-farikk i si tid. |
Ideen om å starta med eige spinneri fekk ho for ein god del år sidan etter å ha høyrt ein podkast om eit mikrospinneri i Oslo. Ho snakka ikkje om dette med mannen. Fyrst då svoger Andreas Kvame og svigerinne Bodil starta med sideri på heimegarden i Hjelmelandsbygda, lufta ho planane for Jostein som straks var fyr og flamme. Etter den tid har det gått slag i slag. Den tidlegare treskofabrikken kjøpte dei ved påsketider i fjor.
5. august kom den splitter nye maskinparken frå Canada. Ein mann frå fabrikken var med og i løpet av ni dagar lærte han opp Tanja til å driva spinneriet sjølv.
- Det var moro, men slitsamt, seier ho.
I tida etterpå har ho øvd og prøvd seg fram med ulike ulltypar. Det ligg ein del ferdige hesplar og nøster i lokalet, men butikken er ikkje åpna ennå.
Ulla som ho har brukt som råstoff, er kjøpt på ullmottaket på Forus. Men planen er gå over til lokale ull-leverandørar etterkvart. Tanja har funne ut ein god del om kva slags ull som veks på sauene i bygda. Ho reknar opp ein del ulltypar, men denne bloggaren skal vera varsam med å referera dette. Her kan det lett gå i baddel for han.
- Ein produksjon på 15 kilo ferdig ull i veka reknar eg med å klara, seier Tanja.
Ein hespel på 50 gram med litt tynt garn kan bli 124 meter. Lengda varierer med tjukkelsen på garnet.
Det har vore ein del folk innom for å sjå på det nye spinneriet. Mange er interssert i å vita meir om dette.
- Me har planar om å ha åpne dører i samband med Ryfest 7. september, seier Tanja.
Jeg gikk fortsatt på college da jeg møtte forloveden min. Vi datet ganske lenge og ble samboer og forholdet vårt ble godkjent av foreldrene våre. Vi kom overens og alt var perfekt. Han reiste ut for litt trening, og siden ble alt aldri bra for oss igjen. Han så en dame der borte, og han pleier å ha forpliktet seg mye til det de delte og utelatt meg fra bildet. Jeg gjorde alt jeg kunne for å fikse problemet, men ingenting virket før jeg hørte om Dr Isikolo. Jeg tok kontakt med ham og forklarte hva jeg gikk gjennom og han lovet å hjelpe som han gjorde som lovet. Jeg fulgte instruksjonene han ga meg, og han løste problemet jeg hadde med forloveden min, og nå er han tilbake til meg og vi skal gifte oss om en måned. Alt takket være Dr Isikolo. Kontakt ham nå hvis du trenger hjelp. e-post: isikolosolutionhome@gmail.com eller tekst ham på WhatsApp ham på +2348133261196
SvarSlett