lørdag 14. september 2024

Bevisstlause Tormod sendt frå kyrkjegarden til sjukehuset

 

Hardhausen Tormod Nordmark kom seg til hektene etter ulukka i 1942. Her fotografert i 1979.
Då var han blitt enkemann etter at kona, Matilde, omkom i rasulukka på Hjorteland
i mars same året



Meir død enn levande blei sauegjetaren Tormod Nordmark funnen under ein fjellknaus i fjelltraktene ved Napen i Suldal. Han var så ille medfaren at brørne Johannes og Sven Rosså som fann han, tvilte på at han ville overleva.

Desse karane såg etter sauer som ikkje var komne med i den store sauesamlinga litt tidlegare. Det var alltid sauer som ein ikkje fekk med seg i fyrste omgang. Rosså-karane hadde gardsbruk på Jøsneset. Tormod Nordmark hadde ansvaret for sauene som Statens forsøksgard på Hodne på Rennesøy hadde på heiabeite. 


Dei to brørne bar Tormod ned til Sandsavatnet. Deretter rodde dei han over vatnet for å bera den hardt skadde mannen ned til Ulladalen. Der var jo kyrkjegarden for fjellbygdene mellom Jøsenfjorden og Suldal. Tormod Nordmark budde på Fjellberg og sokna til Ulladalen.


I Ulladalen var det telefon og distriktslege Engjel Gjemdal blei bodsend. Den skadde blei transportert ned til Jøsenfjorden. Der kom dokter Gjemdal frå Hjelmeland. Han fekk undersøkt den hardt skadde 42-åringen. Legen ville ikkje gje opp. Det blei ordna med båt for å senda mannen til sjukehus. I Jone Bastlid sin motorbåt blei Tormod Nordmark frakta til sjukehuset i Sauda.


Frå Stavangeren 3-10-1942.



Den alvorlege ulukka og det imponerande hjelpearbeidet blei omtalt i Stavanger-avisa Stavangeren tre dagar seinare, laurdag 3 oktober 1942. Den hardt skadde var omtalt med fullt navn. - Han er så alvorlig skadet, at det skal være tvilsomt om han står det over, sto det i avisa.


Tormod Nordmark låg bevisstlaus i tre døgn.  Sjukehuset såg alvorleg på situasjonen..Bror hans, Olav, som budde og arbeidde i Sauda, fekk ikkje komma for å sjå om han. 


Frå Stavangeren 6-10-1942.



Nokre dagar seinare har Stavangeren kontakta sjukehuset i Sauda for å sjekka tilstanden. - Der opplyses det at det ser ut til å gå bra med Nordmark. Han har kommet seg svært godt.


- Eg var fem år gammal då dette skjedde og hugsar hendinga svært godt. Mor mi og eg sat og grein då me fekk høyra kva som hadde skjedd med far, fortel sonen Tor Nordmark som er 87 år gammal i dag.


Tor Nordmark, sonen til Tormod, var 
vegarbeidar i mange år.



Tormod blei ille medfaren. Huda på deler av hovudet var riven av og hang som ei skinnfille nedover. Sjukehuset i Sauda lappa han saman så godt dei kunne, men han fekk ikkje akkurat  avansert kosmetisk behandling på den tida. Dermed fekk han livsvarige, synlege skader.


- Han såg fæl ut då han endeleg kom heim. Syster mi, Målfrid, og eg blei livredde då me såg han, fortel Tor.


Han meiner at dei to redningsmennene var overbevist om at Tormod ikkje ville overleva. Difor valde dei å frakta han til Ulladalen der kyrkjegarden låg. Viss dei meinte det var gode sjansar for at Tormod ville overleva, ville dei teke han med seg ned til Suldal slik at han kunne fått raskare legehjelp.


Johannes Rosså var med å berga Tormod Normark.
Mange hugsar Johannes Rosså som matros på 
"Hjelmelandsfjord".



Litt av eit redningsarbeid dei to Rosså-brørne tok på seg. Men dei fekk hjelp av andre folk som kom til og var med på  å bera Tormod ned til Ulladalen.  Derifrå  var det Bil-Ola, Ola Hauge, som kjørte den skadde ned til Jøsenfjorden med lastebilen. Derfår bare det vidare til Sauda med ein saktegåande, gammaldags motorbåt. Det må ha gått ei lite døger på å frakta Tormod Nordmark frå ulukkesstaden i heia og heilt til Sauda.  


Tor Nordmark var vegarbeidar i mange år. Han var med på byggja vegen langs Jøsenfjorden frå Eiane til Nesvik. Då møtte han Jone Bastlid som budde ved vegen som blei bygd.


- Eg frakta ein halvdaud mann frå Jøsenfjorden til Sauda under krigen. Han heite Tormod Nordmark, sa Jone Bastlid.


- Det var far min, svara Tor.


Tormod Nordmark i full sving med håslåtten i 1979.



Hardhausen Tormod Nordmark  kom seg til krefter og  blei den same arbeidsmannen som før. Han dreiv garden på Fjellberg som før ulukka.  Seinare flytta han til Hjorteland og overlet Fjellberg til sonen Tor.


Ei ny ulukke ramme Nordmark-familien  då Matilde, kona hans, omkom i eit svært snøras på Hjorteland i mars 1979, 76 år gammal. Eit sjokk for ektemannen og dei åtte borna.


Tapet var stort for Tormod Nordmark. Men han sette seg ikkje ned og gav opp likevel. I september same året var eg på Hjorteland og laga reportasje for Aftenbladet. Då møtte eg Tormod i full sving med etterslåtten. Han kom mot meg, med ei bør med hesjestaur over aksla. 


Tormod Nordmark døde i 1987, 86 år gammal.


Dei to Rosså-brørne, Sven og Johannes, var gardbrukarar på Jøsneset i 1942. Sven kjøpte seinare prestagarden i Vikedal og flytta dit. Sonen hans, Ottar, kjenner mange som banksjef på Hjelmeland i mange år. Johannes var også ein kjent mann for mange hjelmelandsbuar. Han var matros på "Hjelmelandsfjord". Ein smålåten mann som var levande interessert i sauer. 


På ulukkesstaden i sommar. Frå venstre: Terje Nordmark, Andreas Rosså, Tor Nordmark og Ottar 
Rosså. Foto: Trond Laugaland.



Nå i sommar var Tor Nordmark og sonen Terje  i Suldalsheia og såg ulukkesstaden saman med Andreas og Ottar Rosså, sønnene til Sven Rosså. Trond Laugaland var med som kjentmann. 








 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar