tirsdag 24. september 2024

Ein mystisk bymann har «Jøsenfjord»-klokka på hytta på Jøsneset!

 

Dei har ei reserveklokka på lur i Jøsenfjord rutelag. Styreformann Lars Randa
viser den fram. Foto: Vidar Hauge.



- Klokka til «Jøsenfjord» heng på hytta mi på Jøsneset. Den skal eg overrekka til dokke når båten er ferdig restaurert.


Ein eldre bymann var om bord i «Jøsenfjord» då den låg ved kaien i Hjelmelandsvågen då det var frukt- og laksafest for nokre år sidan og sa at han hadde klokka. Fleire har fortalt meg denne historia. Men ingen veit meir om denne mystiske mannen.


Det må jo vera ein eller annan Jøsnes-bu som kjenner til denne karen som sa han  hadde klokka. Viss ikkje er det berre ein tullehistorie. Eg vil oppfordra alle som kan sitja på viktige opplysningar om den originale «Jøsenfjord»-klokka om å melda seg. For nå kan det ikkje vera så lenge før fjordabåten som blei bygd i 1886, er ferdig restaurert.


«Lindesnæs» var navnet då båten blei sjøsett. Den gjekk i rute mellom Farsund og Kristiansand fram til 1929. Då blei dampbåten seldt til Jøsenfjord rutelag i Stavanger. Nå fekk den navnet «Jøsenfjord» og gjekk i rutefart i Ryfylke fram til 1978.


Veteranskipsekspert Torstein Randa. Foto: Forbundet Kysten.



Torstein Randa, ein av dei fremste veteranskipsekspertane i Rogaland, veit ikkje om det var den same skipsklokka som sto om bord like frå 1886. - Dersom det var same klokka, vil vel «Lindesnæs»-navnet også vera å finna på klokka, seier Randa som også kjenner historia om den mystiske bymannen med hytte på Jøsneset.


«Jøsenfjord» vil uansett ikkje vera klokkelaus når den er ferdig restaurert.


- Me har fått ei klokke som me kan bruka. Men den er mindre. Så me håpar stadig på at den originale klokka kjem til rette, seier styreformannen i Jøsenfjord rutelag, Lars Randa.


Navnet «Fricido» står inngravert på reserveklokka. Lars Randa kjenner ikkje til historia til dette fartyet.


"Fricido" står det på reserveklokka.



Viss du har opplysningar om «Jøsenfjord»-klokka, må du ikkje nøla med å melda frå. Dersom nokon kjenner til den mystiske hytte-eigaren på Jøsneset, er dette også av stor interesse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar