fredag 27. september 2024

To blyge Finnøy-buar fant «Rogaland»-klokka på Island

 

Dei blyge Finnøy-buane som fann "Rogaland"-klokka på Island. Peder Bergøy, til venstre,
og Aksel Tungland.



- Sjå der! Ei gammale skipsklokka. Ka står det her? «Rogaland». 1929. Dei to Finnøy-buane lurte fælt. Saman med kånene sine var dei på biltur på Island sommaren 2016. Heilt tilfeldig besøkte dei Akranes folkemuseum. Der sto denne klokka delvis gøymt bak andre gjenstandar.


Det var Peder Bergøy som såg klokka fyrst og viste den til turkameraten, Aksel Tungland. Men det var Tungland som sende melding pluss bilde til Stiftelsen Veteranskipet «Rogaland», då dei kom heim frå turen. Han lurte på koss skipsklokka hadde havna der.


I 2017 var klokka på plass på "Rogaland. Foto: Jonas Haarr Friestad.



Dåverande styremann for veteranskipslaget, Sigurd Jansen, blei begeistra og sette i gang prosessen med å få klokka tilbake til Norge. Han tok kontakt med museet på Island og greidde etterkvart å overbevisa islendingane om at denne klokka høyrde til om bord i «Rogaland». Styret for museet på Akranes vedtok å senda klokka heim til Stavanger.


Laurdag 24. juni 2017 står det ein heilsides reportasje i Aftenbladet frå seremonien om bord i «Rogaland» der klokka blei hengt opp på sin gamle plass. Stort bilde av alle involverte. Kaptein Per Øhmann, matros Atle Mikkelsen, museumsdirektør Jon Allanson frå Island og styreformann Sigurd Jansen i «Rogaland»-stiftelsen.


Stor stas då klokka kom på plass om bord i "Rogaland". Frå venstre: Kaptein Per Øhmann,
matros Atle Mikkelsen, museumsdirektør Jon Allanson og styreformann Sigurd
Jansen i veteranskipslaget. Foto: Jonas Haarr Friestad.




Kva med finnarane. "Bakgrunnen var to karer frå Finnøy som var på ferie på Island," sto det i avisa. Det var alt. Ikkje navna ein gong.


- Det går ikkje an, tenkte eg. Finnarane var heilt gløymde. Ein rask telefon til Finnøy og dermed hadde eg navna. Peder Bergøy og Aksel Tungland.


Mest ikkje til å tru. Dette var to blyge Finnøy-buar. Me som kjem lenger innante i Ryfylke, var ikkje klar over at slike fantes.


- Me var på seremonien, men trekte oss unna då det blei gjort TV-opptak. Hadde me vore meir frampå, ville me nok fått plass i mediene, me også, seier Aksel Tungland i dag.



Dei to kameratane var på Island saman med kånene: Mette Lise Bakka og Marianne Landa Bergøy.


Men det største mysteriet med denne klokka. Koss i all verda havna den på Island?


"Rogaland"-klokka må ha vore med "Tungenes" til Island. Foto: Egil Eriksson.



Det finns følgjande ledetrådar: I 1964 skifta gamle «Rogaland» navn til «Tungenes». Ikkje lenge etterpå blei den seldt av Stavangerske. Våren 1966 blei den splitter nye ferja «Tungenes» sett inn i rute mellom Stavanger og Haugesund. Denne flotte og påkosta ferja innfridde ikkje forventningane og gjekk i opplag då ferjeruta Haugesund – Stavanger blei nedlagt i 1973. Året etterpå blei den seldt til Island der den fekk navnet «Akraborg». Der blei denne ferja i ti år. Då blei den seldt vidare til eit Panama-rederi.


Klokka frå «Rogaland» må ha vore med «Tungenes» til Island. Det er ikkje grunn til å tru at den gamle klokka sto på ein framståande plass på den splitter nye «Tungenes» i 1966. Eg har snakka med to pålitelege karar, som begge var om bord i «Tungenes» i 1966: Malvin Langvik og Ragnar Førsvoll. Dei har aldri høyrt om noko slikt.


Koss heng dette saman?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar