søndag 8. september 2024

Ti høylass fôr rett til himmels!

 

Turrhøy i svevet. Teikna av Henry Imsland.





Ti heile høylass med fint høy fôr til himmels frå Segadal i Jøsenfjorden ein søndag i august 1969. Det høyrest jo heilt utruleg ut. Men kanskje endå meir utruleg! Dette sto på fyrste sida på Aftenbladet. Heile historien med teikning av den legendariske Henry Imsland.


Koss kunne dette skje? Ein kombinasjon av kraftig austavind og det fruktbare samarbeidet mellom redaksjonssekretær Jon Moe i Aftenbladet og den iherdige meldaren Jakob Krumshagen i Ulladalen. Saman fekk dei to karane Jøsenfjorden og Ulladalen til å framstå som eit slags eventyrland der allslags spennande kunne skje.


Ola Segadal sat hjelpelaus og såg på at austavinden stakk  av med turrhøyet.
Foto: Aftenbladet.



På fredagen hadde Ola Segadal slege høyet som låg og godna seg i det fina vêret. Ekta god helgaturk.


Alle som er littegrann kjende i Jøsenfjorden veit at austavinden kan bli utruleg sterk der inne. Det er påstått at vinden ein gong la ned eit spett som sto i klaka mark i Segadal.


Men denne august-søndagen for 55 år sidan var det varmt og fint og utpå ettermiddagen blei det 29 varmegrader og austavinden vreid seg over på søraust og auka i råsene.


- Det var ei kvervel-flage med søraust-vind som reiste med høyet, står det i Aftenbladet.


Denne søndagsettermiddagen kom ein motorbåt innåt ved Segadal nett då høybreiene vart henta i ein einaste veldig sup.


Og kor blei dette høyet av?

Det datt ned eit strå ved Følekammane og eitt i Knutsvik på Jøsneset. Resten var vekke. Med unntak av nokre fengjer som Ola Segadal fann igjen nedmed sjøen. Han mista høy for minst tusen kroner. Det var mykje penger i 1969.


Koss gjekk det i Ulladalen? Der og kom det flager som ville stela høy. Men  dei fann att turrhøyet ved ein steinmur.


Mykje spennande å finna i Aftenblad-arkivet. Vil du studera Segadalshistorien sjøl, finn du den i avisa tysdag 5. august 1969.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar