tirsdag 21. mars 2023

«Jøsenfjord» påkosta 40 millionar i Kristiansand. Kjem innom Stavanger til sommaren.

 

"Jøsenfjord" ved Jorenholmskaien i Stavanger på 1970-talet. Her er den blitt DSD-båt.
Foto: Kåre Lindboe.


I mai 2015 blei gamle «Jøsenfjord» taua frå Ryfylke til Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter i Kristiansand. Til sommaren, åtte år og 40 millioner kroner seinare, vil veteranbåten avleggja Stavanger eit kort besøk før ferda går vidare til Norheimsund. Der vil båten også bli liggjande i fleire år til den er ferdig restaurert.


- I Kristiansand er alt stålet på skroget og salongdelen sett i stand. Akkurat nå pågår det sandblåsing og så skal det malast. Deretter skal Bragdøya kystlag leggja ny dørk i salongen. Planen er at alt dette arbeidet er ferdig i løpet våren slik at «Jøsenfjord» kan gå ut av dokken på Bredalsholmen i mai eller juni, opplyser Lars Randa, styreleiar i Jøsenfjord Rutelag AL.


Ein ung Jan Skaar på vakt i maskinen på "Jøsenfjord". Onkel-ungen Kurt Thu er med.
 Foto: Jan Thu.



Torsdag skal det vera årsmøte i andelslaget som arbeider for å setja «Jøsenfjord» i stand slik at den kan segla rundt i Ryfylkefjordane i fordums glans. Årsmøtet vil føregå på «Rogaland» som ligg i Vågen i Stavanger.


Førebels er det uklart kor lenge båten vil bli liggjande i Norheimsund ved fartøyvernsenteret der. Her skal det leggjast dekk og fornya treverket. Så snart det kjem meir penger inn på kontoen, vil arbeidet starta. Førebels har ikkje Riksantikvaren sagt frå kor mykje pengar det blir til «Jøsenfjord» dette året.


- Til dekk og treverk vil det gå med minst fem millionar kroner. Deretter skal det lagast ny salong og motoren skal overhalast og setjast i stand. Det er pengene som styrer alt, seier Lars Randa.


Styrehuset til «Jøsenfjord» står klart, ferdig restaurert på Engøyholmen i Stavanger. Det skal setjast om bord i båten når den kjem innom Stavanger til sommaren. Planen er at også alle interesserte skal få høve til å sjå båten før den blir taua vidare til Hardanger.


"Jøsenfjord" slik den såg ut i 1930-åra.



Rutebåten «Jøsenfjord» blei bygd ved Christiansands Mekaniske Verksted i 1886. Då fekk den navnet «Lindesnæs» og blei sett inn i rutefart mellom Kristiansand og Farsund. I 1930 blei båten seldt til Jøsenfjord Rutelag i Stavanger og blei omdøypt til «Jøsenfjord». Nokre år seinare blei dampmaskinen skifta ut med ein semidiesel frå Wichmann motorfabrikk på Rubbestadneset.


I 1975 overtok Stavangerske alle fjordabåtane til Jøsenfjord-selskapet. I 1978 blei «Jøsenfjord» seldt til utlandet. I 2011 var det lokale entusiastar som henta båten heim igjen frå Nederland. Båten kryssa Nordsjøen for eigen maskin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar