mandag 13. mars 2023

Att og fram. Ropeid – Sand.

 


Flaggsmykka «Ropeid» før avgang frå Ropeid. Mange viktige menn med hatt og frakke er
på veg over fjorden. Foto: Oddvar Lavold.


Ropeid-ferja er ute av soga. Det skjedde då brua over Sandsfjorden blei åpna 27. november 2015. Men det må då vera lov å mimra litt for ein gammal skrivemaskinist. Mange har skreve om ferjesambandet i indre Ryfylke som fekk ein lang historie. Den fyrste ferja, «Ropeidferjen», begynte å gå mellom Ropeid og Sand i 1926.



Aftenblad-journalist Oddvar Lavold hadde ein større reportasje om «Ropeid» som sto på trykk i avisa 13. oktober 1962. Dette var den danskbygde ferja som kom til Sand i 1946 etter å ha kryssa danske belt og sund med navnet «Inger» sidan 1912. I 19 år gjekk den i Ropeid-sambandet. Den hadde ein utsjånad som førte til at den stakk seg ut i fjordatrafikken og fekk raskt kjælenavnet «Blomsterkorjå».


Skipper Johannes Jonassen og billettør Olav Marvik var på vakt då Oddvar Lavold laga 
ferje-reportasje.


"Om bord på dette fartyet er det lite høgtid med klokkeklemt og båtsmannsfløyting og karar i kvar trosse-ende. Rett før ferja skal gå, kjem det to mann ruslande over dekket. Den eine sprett over rekka som ein tennisball. Den andre løyser trossene. Begge arbeider som om kvar rørsle er innøvd til det heilt mekaniske. Det er klart for avgang."


Det var skipper Johannes Jonassen og billettør Olav Marvik som var på vakt om bord i «Ropeid» den dagen journalisten reiste over fjorden med fotoapparat og notatblokk framme. Kvar dag gjekk dei åtte turar over fjorden etter den fastsette ruta.


«Ropeid» full av passasjerar. Fotograf: Ukjent.



Men det var så billeg å bestilla ein ekstra-tur, at det som regel alltid blei fleire turar enn dei som sto i rutetabellen. I tillegg kom det sjuketransportar, ofte på nattestid, og då blei nettene korte for dei om bord.


Mannskapet besto av fire personar som gjekk på vakt to dagar og hadde to dagar fri. Skipper Bjarne Grønnevik og billettør Einar Halvorsen tok seg av det andre skiftet.


Johannes Jonassen hadde vore elleve og eit halvt år om bord i «Ropeid» i oktober 1962. Med andre ord hadde han hatt over 30 000 turar over fjorden på den tida. Han fekk mange fleire. Jonassen blei verande på ferjene til han blei pensjonist!


Ferja var framme på Ropeid etter 15 minutts gange. Då var det av med bilane og få nye om bord. Klar for ny tur. Slik gjekk dagane, i godvêr, kuling, skodde eller snødrev.


1. juni 1965 var den danskbygde «Ropeid» ferdig i sambandet. Den blei avløyst av ei ny ferje som fekk same navn. Den gamle skifta navn til «Bru».


1 kommentar:

  1. Brua i sundet åpnet karnsje den 27. november, men ferja gikk ut året. Siste turen for Sand Ropeid ferja var 31.12.2015.

    SvarSlett