lørdag 11. mars 2023

Hans Frette freste av garde i Sauda-snøen!

Hans Frette var telemontør i sine yngre dagar. I dag
 hugsar dei fleste han som  Sauda-ordførar
 og stortingsrepresentant.

 

Telemontør Hans Frette freste av garde med den vesle varebilen til Telegrafverket i pur glede etter at denne bilen var redda ut av snømassane på Dollarveien. Så glad var han for å ha fått igjen bilen som han trong i arbeidet med å halda telefonlinjene i bygda fri for snø.


Sjølv om Svandalsvegen i grunnen ikkje var godt nok brøyta for bilar, kjørte Hans Frette så det spruta og lukta brent etter bilen heilt opp til Svandalen. Svandølane brukte hest og slede som framkomstmiddel denne dagen.


Svandølane kjørte hest og slede den dagen Hans Frette kom fresande med firmabilen. 
Foto: Oddvar Lavold.


Eg fann denne skildringa av den entusiastiske telemontøren i ein av Aftenbladets mange snøreportasjar i februar 1962. Mange hugsar Hans Frette som Arbeiderparti-politikar. Han var både ordførar i Sauda i fleire periodar og stortingsrepresentant.


Dåverande Aftenblad-journalist i Sauda, Oddvar Lavold, skildra svandølane sine vanskar i den harde snøvinteren i 1962. Vegen var stengt i dagesvis i fleire periodar utover vinteren. Her er det mykje artig å lesa:


Vegvaktar Sverre Bjerga lyste opp førre dagen då kommunen fekk låna ein kjempestor shovel til å rydda Svandalsvegen. Vegen hadde då vore stengt i dagevis, og snøfresaren fekk ikkje kommunen låna meir. Han som kjører fresaren sa at dit opp var det ingen som fekk lurt han meir. Det var nok med den eine gongen då "kjøttkverna" framom maskinutysket gulpa i seg både stein og greiner og alt som gale er, medan fresarbilen streva med alle sine kjempekrefter for å sno seg opp den smale og svingete vegen.


Bjerga laut til att med spade og traktor og andre reiskap som ikkje monna noko. Men shovelen har skrapa veg med Alfred Jensen bak spakene og Bjerga som hjelpesmann og kjentmann. Utan kjentmann ville han nok ha kjørt seg fast straks, for ein viktig del av arbeidet har vore å rydda møteplassane – og dei er det få av.


Snøryddarane på Svandalsvegen har matpause på den varme motorkassen.
Maskinkjørar Alfred Jensen, til venstre, og vegvaktar Sverre Bjerga.



Her tek Alfred Jensen, til venstre, og Bjerga seg ein hastig lunsj på shovelen medan dei ryddar veg for flaumen av turistar som er venta til Svandalen til helga. Shovelen var ein god plass for ein matpause. Godt og varmt oppå motoren både for folk og skjever, meinte Bjerga. (Reportasjen sto i Aftenbladet 26. februar 1962)

Slik var det innerst i Ryfylke vinteren for 61 år sidan. Berre småplukk det me har opplevd dei siste vintrane.


Viss nokon skulle ha originalbildet av snøryddarane  som har matpause på shovelen, hadde det vore kjekt med ein kopi. Svandølen med hest og slede burde også vore betre!  Eg skifter gjerne ut bilda frå avisa. Takk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar