torsdag 30. mars 2023

Jakta sølvkanner på Hylsstranda!

 

Litle-Lars med Løland-kanna. 



Bøndene på Hylsstranda i Ryfylke var så velståande at dei hadde flotte sølvkanner på omtrent kvar gard. Det var ikkje utan grunn at denne sida av Hylsfjorden blei kalla for Sølvkannestranda.


Aftenblad-journalist Oddvar Lavold gjorde eit poeng av dette då han laga ein heilsides reportasje frå veglause Hylsfjorden i november 1962. Nokon stor mengde av verdifulle kanner var det ikkje lenger på den tida, men det skulle vera tre igjen. Hylsfjorden høyrer til Suldal kommune sjølv om dei nå har hatt veg til Sauda i snart 50 år. 


Lavold oppsøkte eigarane, men fekk berre teke bilde av to. Den tredje sølvkanne-eigaren, Johannes Tjelmeland, var ikkje heime. Han dreiv med frukthausting og hadde teigar med frukttre både her og der.


På Indre Bjerga hadde det vore tre kanner i si tid. Dei blei stolne, blei det fortalt. Kannene havna i fjorden. Tjuvane søkkte dei på havsens botn då dei var blitt oppdaga og blei forfølgde av eigarane.


88-årige Lars Fatland viser fram den flotte sølvkanna som hadde vore på utstilling i Paris.



88-årige Lars Fatland synte stolt fram ei diger sølvkanne til journalisten. Den var så flott at den hadde vore på utstilling i Paris i si tid, kunne eigaren fortelja. Han hadde fått eit bod på 2000 kroner, men han meinte at kanna var meir verdt enn som så. 2000 kroner i 1962 tilsvarar 27594 kroner i 2022 viser priskalkulatoren til Norges Bank.


Kor gammal Fatlandskanna måtte vera, var det ingen som visste. Det sto 1721 på ein slags medaljong som var sett inn i loket. Men eigaren meinte at kanna måtte vera eldre enn som så.


På Løland fann journalisten den neste kanna på garden som Lars Løland og kona Ingeborg dreiv på den tida. Det var litle Lars, neste generasjon, som kom berande ut med sølvkanna. Han blei fotografert med den gromme kanna framføre huset der diktaren Rasmus sat og skreiv. Diktarhuset kom ikkje med på bildet. Berre sylvkanna.


Det er mange flotte bilder på denne heilsida i Aftenbladet. Ingen er å finna i avis-arkivet. Journalisten tok heller ikkje vare på dei. Kan det vera folk som sikra seg slike avis-bilde til sine samlingar. Det hadde vore spennande å vita. Ta gjerne kontakt med bloggaren!


Hylsfjord-reportasjen i Aftenbladet 20. november 1962.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar