torsdag 23. mars 2023

«Fjordbris» - klar til avgang frå Sauda til Stavanger

 

"Fjordbris" klar til avgang frå Sauda i juli 1961. Doris Lavold og dottera Gro smiler til 
fotografen. Matros Harald Børve styrer vinsjen. Foto. Oddvar Lavold.


Endeleg eit bilde for ein fjordabåt-nerd. Her ser du Doris Lavold og den to og eit halvt år gamle dottera Gro på promenade-dekket på «Fjordbris» som vinsjar om bord det siste hivet før den skal gå frå Sauda på ettermiddagen ein julidag i 1961.


Kaffor veit eg at båten er «Fjordbris»? Jo, for eg kjenner igjen matrosen som står på sida av passasjerane og kjører vinsjen. Dette er Harald Børve frå Hjelmeland. Han var fast mann på denne båten i aldri så mange år.


Ein flaggsmykka "Fjordbris" passerer Sand.

 

«Fjordbris» var ny i 1948. Den gjekk i fast rute på Strandalandet - Tau, Solbakk, Jørpeland, Idse og Idsal like fram til den nye ferja «Tau» blei sett inn i Tau-sambandet våren 1961.


Då gjekk «Fjordbris» over i Sauda-ruta. Kvar morgon gjekk båten frå Stavanger til Sauda og tilbake til byen igjen etter ein halv times stopp i industri-bygda heilt innerst i Ryfylke. Systerskipa gjekk i same ruta. Dei møtte kvarandre som oftast og veksla eit vink frå det eine styrehuset til det andre, men låg på kvar sine endestopp på nattestid.


Den hvite flåte i sommarruta til Stavangerske i 1961.


Dei to båtane var så like at Stavangerske ikkje spanderte kvar sitt bilde på dei to skipa i det flotte rutebåt-galleriet dei hadde i sommarrutene sine på den tida. Dei måtte dela eit bilde der begge navna var påførte.


Sauda-ruta på mandagane sommaren 1961.



Bildet av Doris og Gro Lavold fann eg i eit familie-album som eg fekk låna av dei.


- Eg kan ikkje hugsa denne turen med «Fjordbris» i juli 1961. Ein månad seinare flytta me til Sauda. Mannen min, Oddvar, var tilsett som journalist på Aftenbladet sitt nye Ryfylke-kontor, seier Doris.


Dei kan ha vore på ein rask tur inn for å sjå på leiligheten der dei skulle flytta inn i august. Den låg i Fridomsvegen og huseigar var Ingebrigt Botnen.


For danskfødde Doris var det ganske eksotisk å flytta til Sauda heilt innerst i Rylfylke-fjordane. Mindre eksotisk blei det ikkje den påfølgjande vinteren. Saudabuane snøa ned. Det hadde ikkje vore så mykje snø på aldri så mange år. Mannen, Oddvar Lavold, skreiv metervis med avisspalter om all den ugreia som snømengdene medførte.


Men i juli 1961 kom Lavold-familien trygt fram til Stavanger med «Fjordbris».


Den elegante fjordbussen heldt det gåande fram til 1975. «Fjordbris» blei utrangert og enda sine dagar på Tømmerodden på Buøy. Der blei den brukt til brannøvingar ved sikkkerhetskurs for elevar på Stavanger maskinistskole.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar