tirsdag 7. februar 2023

Ærendsgutane på «Hylsfjord» baska i fjordisen

 

Mange isfiskarar langs råka i Saudafjorden
i mars 1962.


Det knakar i skroget – rutebåten «Hylsfjord» brasar inn i isen. Propellen vispar sjø og issorpe. Det smell og surklar, knirkar og durar der båten fer fram.


Aftenblad-journalist Oddvar Lavold er i styrehuset på «Hylsfjord» som er på veg frå Sauda til Vanvik. Han skildrar turen etter beste evne. Dette er i slutten av mars den tøffe vinteren 1962. Det er stadig tjukk is i Saudafjorden, men ikkje tjukkare enn at rutebåten greier å ta seg fram i råka utover fjorden.


"Hylsfjord" fekk røyna seg i isen vinteren 1962. Foto: Oddvar Lavold.


Sjølv om båten slengjer på seg i råka og passasjerane i salongen passar på å halda seg fast, går det stilt og roleg for seg i styrehuset. Skipper Jan Jonassen styrer ved å bruka ein fot på rattet medan han rullar seg ein røyk med hendene og har Aftenbladet i fanget. Bak han sit maskinist Nils Torsteinbø like roleg.


«Hylsfjord» er i Sauda kvar laurdag. Nå går båten til Hylsfjorden og så vidare til Sand. Maskinisten er også matros. Han tek seg av trosser og mjølkespann. Skipperen ordnar med billettar og følgebrev.


Tilbake i styrehuset har han med seg ein papirpose med pengar. - Eg skal ha det vanlege merket, sa mannen på kaien og gav pengane til kaptein Jonassen som er ærendsgut også. Mannen på kaien skulle ha snus for pengane. Den skulle kapteinen kjøpa på Sand.


Vinteren har vore lang. Det minkar på fôret på gardane. Forrige tur frå Sauda hadde «Hylsfjord» med seg kraftfor til dei veglause Maldalsgardane. Mjølsekkene blei levert på iskanten.


Maskinist Nils Torsteinsbø er matros også. Her i Vanvik.



Kristian og Erling Hylen måtte kjøra med hest og slede utover fjordisen for å møta «Hylsfjord» ved Vanvik. Dei hadde bestilt høy som kom med båten. Deretter gjekk turen heim igjen til Hylen med høyballar på sleden. Det var halvannan times kjøretur, kvar veg.


- I går såg me vipa. Ho sat på iskanten og skifta med å stå på den eine og andre foten, stakkar, seier maskinist Torsteinbø.


Tenkt det du! Det blei vår det året også.


Fyrstesida i Aftenbladet 30. mars 1962. 


2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Nils Torsteinbø omkom i en ulykke med en dumper på sin første arbeidsdag på byggingen av Ryfylkeveien i september 1963. Det var Gulleik Andersen som overtok Torsteinbøs jobb på Hylsfjord.
    Lurer på om ikke Torsteinbøen begjynte på Hylsfjord da den var ny i mai 1959.

    Jan Jonsassen gikk bort i juni 1969. Det var også Gulleik Andersen som overtok Jonassen sin stilling på Hylsfjord.
    Da var det Ola Løland som ble maskin og dekksmann.

    Gulleik Andersen gikk bort i desember 1979. Da overtok Ola Løland stillingen som skipper på båten og Kornelius Løland ble maskin/dekksmann. De to fortsatte ombord til ruten ble nedlagt våren 1983.

    Det var Arne Johnsen fra Sand som var den første skipperen på Hylsfjord. Han hentet båten i Mandal i mai 1959 og var ombord til høsten 1960 da Jan Jonassen overtok.

    SvarSlett