tirsdag 21. februar 2023

Då svigermor kom til Sauda med isbrytar!

 

Svigermor på veg til Sauda med "Hylsfjord". Den blei isbryder i Danmark.



Ho kom reisande frå Danmark. Målet var Sauda. Reisa gjekk med tog, dampskip og ferje. Frå Haugesund gjekk turen med buss mot reisemålet. Men snøras hadde stengt Dollarveien. Bussen stoppa på Ropeid. Derifrå gjekk turen innover den islagte Saudafjorden med "isbryder", fortalte ho då ho kom heim igjen til Danmark.


Den danske journalisten Margrethe Nielsen kom til Sauda i mars 1962 då bygda opplevde den verste snøvinteren i manns minne. Dette var ikkje ein vanleg reportasjetur. Ho kom fyrst og fremst på besøk til si einaste dotter, Doris, barnebarnet Gro og svigersonen Oddvar Lavold.


Journalistane som blei eit par. Norske Oddvar og danske Doris.


Kan du tenkja deg så gale? Margrethe Nielsen og ektemannen Axel hadde eit einaste barn. Ho var godt etablert i Danmark, hadde gått i mora sine fotspor og blitt journalist med fast jobb på Tønder-kontoret til storavisa Vestkysten med hovedsete i Esbjerg.


Så reiste ho på nordisk journalist-kurs i Århus. Der forelska ho seg i sin norske kollega Oddvar Lavold som kom frå Dagbladet Rogaland i Stavanger. Dei gifta seg og dottera flytta til Norge.


Doris på post.



Ikkje nok med det. Dei nygifte flytta eit år seinare langt inn i ein fjord til ei bygd omgitt av høge fjell og med ein røykspyande fabrikk midt i sentrum. Då dottera seinare rapporte heim til Aabenraa i Sønder-Jylland om is på fjorden og metervis av snø, var det ikkje rart at danske moder Nielsen følte at ho måtte reisa på befaring. Då ho kom heim skildra ho turen i avisa der ho arbeidde, Hejmdal, ei av fleire aviser som kom ut i denne byen på den tida.


Svigermor sin reportasje i avisa Hejmdal i april 1962.


- Forskjellen mellom Danmark og Sentral-Afrika kan umulig vera større enn det å komma frå dei norske "sneformummede fjelde" og igen sette benene på Hirtshals flade sand efter turen over Skagerak, skreiv fru Nielsen som også kvidde seg litt for å fortelja om koss svære snømengder dei bala med i Sauda. Ho var redd for at dei danske avislesarane ville tru at ho overdreiv.


- Her bevæger man seg kun pr. ski, spark eller slede, ja selv barnevognene har meder på, står det vidare i artikkelen frå Sauda. Eit av dei største turisthotella i distriktet måtte stengja skiheisane sin på grunn av dei store snømengdene. Dette var jo alvorleg for hotell som nettopp baserte drifta på skituristar.


Klar for avreise med "Sauda". Doris, Gro og mormor.


- Ind til husene graver beboerne hver morgen sneen væk fra sin private rænde, men det er manfolkearbejde, for sneen skal smides 3-4 meter eller mere op på de volde, der sperrer udsigten fra stue-etagen og måske også fra 1. sal.


Vêret laga seg før heimturen. "Rejsen til Sauda var forresten noget av en pol-færd. Hjemturen, derimod, klaredes på godt et døgn, men der var nu også held med i spildet", skreiv journalisten, mormora, mora og svigermora etter heimkomsten til Danmark. Mannen hennar kom aldri på besøk til sin norsk familie etter at han høyrde at dei budde i eit trehus. Han overnatta av prinsipp ikkje i denslags hus.


Mormor på veg ut fjorden.


Svigerson Oddvar Lavold meldte i Aftenbladet om det danske journalist-besøket med tittelen: Sauda-snøen i dansk avis. Det hadde vore eit stort bilde på fyrste-sida av avisa Hejmdal og fleire bilder inne i avisa. Eg er temmeleg sikkert på at det var svigersonen som var fotografen. Det står ingenting om den danske journalisten sine private grunnar for reportasje-reisa til Sauda.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar