fredag 17. februar 2023

Snøfresar-sjarmør i Sauda og hardhaus-kollega i Brattlandsdalen

 


Jærbuen Per Skårland blei den mest populære mannen i 
Sauda etter å rydda veg med den store snøfresaren. 


Sauda snøa ned. Snømassane stengde Dollarvegen mellom Sauda og Ropeid. Vegen frå Sauda til Hellandsbygda var også uframkommeleg og bygda isolert. Mjølkebilane frå Imsland og Vikedal kom ikkje fram til Sauda. Folk fekk ikkje mjølka si. Det var tøffe tider i februar 1962.


Per Skårland frå Ogna blei redningsmannen. Han kom til Sauda med den største snøfresaren som Statens Vegvesen hadde til disposisjon i Rogaland.


Jærbuen gjekk laust på snømassane og rydda veg. Ikkje rart at Aftenblad-journalist Oddvar Lavold utropte jærbuen til den mest populære mannen i Sauda.


Per Skårland med snøfresaren. Her i samtale med ein ukjent mann. Doris og Gro Lavold
i bakgrunnen. Foto: Oddvar Lavold.



Men vegvesenet hadde fleire tøffingar på lønningslista. Ein mindre snøfresar var sendt til Bratlandsdalen i Suldal for å åpna vegen mellom Røldal og Nesflaten. Herr Løtoft fra Sokndal kjørte denne snøfresaren.


Då han kom til Lono, rasa eit stort is-stykke inn i sida på førarhuset på snøfresaren. Føraren fekk foten i klem mellom clutch-pedalen og den inntrykte veggen på førarhuset. Herr Løtoft blei kjørt til lege i Røldal. Han sydde beinet saman på begge sider og lånte snøfresar-føraren ein stor sko til å støtta opp bandasjen.


Deretter fortsatte Løtoft med å fresa opp vegen gjennom Bratlandsdalen. - Det held han på med ennå, skreiv Aftenbladet 23. februar 1962. (Journalisten hadde ikkje fått tak i førenavnet på tøffe Løtoft.)


Indre Ryfylke må ha vore eit eldorado for ein ung, entusiastisk journalist. Snøen lava ned og vegoppsynsmann Harald Gederø snakka i store bokstavar. Skrivemaskinen gjekk nesten varm på Aftenbladet sitt Ryfylke-kontor.


Per Skårland var fast inventar på den store snøfresaren til Vegvesenet. Til vanleg var han stasjonert i Sør-Rogaland. I meir normale vintrar freste han på snøen i Gyadalen, riksvegane i Dalane og i Byrkjedalen.


Men då ras etter ras stengte Dollarvegen og Sauda var isolert landverts, sende vegoppsynsmann Gederø sine naudrop til Statens Vegvesen for å få den store snøfresaren nordover eit par-tre dagar. Men sidan blei snøfresaren verande. For det gjekk nye ras annankvar dag på vegane rundt Sauda.


Doris Lavold og dattera Gro fekk vera med mannen i huset på snøfresar-rportasje på Dollarvegen.
Foto: Oddvar Lavold.


- Spør ein Skårland når han kan ta fresaren og dra sørover igjen, svarar han at det lagar seg nok rundt jonsok, skreiv Aftenbladet.


Per Skårland hadde mang ein hard tørn i Sauda. Han hadde åpna Dollarvegen tre gonger og frest opp vegen til Hellandsbygda slik at den såg ut som ein høgfjellsveg etter åpninga midtsommars. Ein gong sov han berre tre timar på ei natt.


Vinteren var hard i Sauda i februar 1962. Det blei like tøft i mars. Det kjem fleire bloggar med snø, is og vintervêr.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar