torsdag 2. februar 2023

Dansk sygepleierske blei gardakjerring i Svandalen

 

Danskfødde Gerda Botnen baka lefser då 
Aftenbladet kom på besøk.



Den danske jenta bytta ut rugbrødet med lefse etter at ho gifta seg til gard i Svandalen i Sauda. Blei fort eit stort oppslag av slikt i Aftenbladet i 1961.


Den ferske Aftenblad-journalisten; Oddvar Lavold, tok turen til Svandalen i oktober 1961 etter at ei tysk storavis og eit tysk reisebyrå hadde peika ut Svandalen som eit høveleg resemål for tyske vinter-turister. Grunn nok til å ta seg opp i dalen og snakka med svandølane.


To eldre, innfødde svandølar, blei både fotograferte og refererte, men det som gjorde mest inntrykk på både journalisten og lesarane, var den unge Gerda Botnen. Ho kom til Sauda som sjukepleiar. Der møtte ho ungkaren Nils Botnen frå Svandalen. Dei blei gifte og busette seg på småbruket hans på Øye i Svandalen.


Aftenbladet sin reportasje frå Svandalen 28. oktober 1961.



Gerda heldt på å smørja lefser då journalisten kom på besøk. Ho fortalde at ho kom frå ein gard på Jylland med 250 mål dyrka mark. På småbruket i Svandalen var det 17 mål dyrka jord. Men så hadde dei beite i tillegg. Ein dansk bonde ville sett på eit slikt beite med store auer, meinte journalisten. Men det var nettopp beitet som gav småbruka i Svandalen meir-inntektene dei trong for å overleva, understreka Gerda som snakka så godt svandølsk at alle trudde at ho hadde budd der all si tid.


Men småbruket kasta ikkje meir av seg enn at Nils måtte ta arbeid utanom garden for at endane skulle møtast. Då måtte Gerda driva garden aleine.


- Eg blei forundra då eg kom til Norge og oppdaga at konene på gardane måtte stella i fjøset og på markene. Men slik må det jo vera her og nå er eg blitt vane med det, sa Gerda som også kunne fortelja at ho tidlegare hadde vore tenestejenta på ein veglaus gard i Sogn.


Då mannen måtte reisa på repetisjonsøving i militæret, budde ho tre veker åleine på Øye. Då blei det flaum og elva reiste av garde med brua. Det blei litt av eit styr då ho skulle levera ei ku til slakt. Gerda måtte balansera med kua på ein smal planke over elva.


- Ho hadde nok sine tankar om Norge den gongen, står det i avisa. Men kva trur du danske avis-lesarar tenkte då Horsens Folkeblad rapporterte om pigen frå Jylland som hadde blitt norsk. Neste blogg handlar om det. 


Eg har fått tak i originalbildet av Gerda Botnen som sto i Aftenbladet. Er det nokon som har eit eller fleire av dei andre Aftenblad-bilda frå Svandalen på kistebotnen? Gi lyd! Dei er av historisk interesse!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar