lørdag 4. februar 2023

Avis-kjendis i Danmark, favoritt-tante i Sauda

 

Synnøve Botnen Zahl hjelper favoritt-tante Gerda med oppvasken.


Brædstrup-pigen måtte gå på ski når ho skulle i hønshuset. Vatnet fekk ho i hus ved hjelp av ein heimelaga taubane der bøttene blei sveiva inn til huset frå elva. Denne konstruksjonen hadde svigermora nytta seg av i 40 år. Værsågod neste!


Oppslaget i Horsens Folkeblad 14. desember 1961.


Ikkje rart at at lesarane av avisa Horsens folkeblad på Jylland i Danmark gjorde store auer då dei les om Gerda Pedersen som hadde utdanna seg til sygepleierske og så reist til Norge og gifta seg. Ho hadde busett seg på "mandens, Nils Botnen, fødegaard i Svandalen, smaa 10 kilometer udenfor Sauda. Det er ca. 90 kilometer nord for Stavanger, hvilket lyder veldig centralt. I praksis viser det sig å være adskilligt mer udenfor landets lov og ret, end man kan forestille seg i Danmark.


Den danske dama hadde også lært seg å baka lefser etter å ha gifta seg til Svandalen. Dei danske lesarane får ein grundig forklaring på kva lefser er: "Det er en slags kæmpepandekage, som er baget av en dej lavet av semoulegrød, melk, sukker blandet til en passende masse og bagt paa en speciell bageplade over et aabent ildsted."


Fru Botnen har også stifta bekjentskap med andre norske spesialiteter som flatbrød og lutafisk. Ho var ikkje blitt nokon lutafisk-elskar, går det fram av den danske avisa.


Men juletreet er eit sjølhogd furutre, fyrretræ på dansk. Kvit jul er det kvart år høgt oppe over Saudafjorden. Og snøen ligg til langt utpå våren. "Det er ikke tvivl om at Gerda Botnen, oprindelig fra Brædstrup, befinder sig godt i Svandalen i en afkrog av Vest-Norge, selv om hun af og til fristes til at rynke paa næsen af al den sne."


Gerda Botnen lærte også nye saudabuar kunsten å 
renna på ski. Her er det Gro Lavold som er elev. 


Horsens Folkeblad hadde ikkje sendt eigen journalist til Sauda og Svandalen. Reportasjen er skriven av Doris Lavold, kona til Oddvar Lavold, Aftenbladet sin mann i Sauda. Doris var også journalist. Ho traff mannen på journalist-kurs i Danmark. Dei blei gift og havna i Sauda hausten 1961. Dermed fekk Doris frå Sønderjylland oppleva den ekstra-ordinære snøvinteren 1961 – 1962.


- Gerda og Nils Botnen fekk ikkje barn. Men Gerda blei favoritt-tanta i Botnen-familien. Ho var blid og gjestfri, fortel Synnøve Botnen Zahl som fekk eit nært forhold til si dansk-fødde tante.


- Mange eldre pasientar på sjukehuset var skeptiske då dei høyrde det skulle komma ein dansk sjukepleiar. Ville dei forstå kvarandre. Men det var ikkje noko problem. Tante Gerda snakka svandølsk frå fyrste dag, seier Synnøve Botnen Zahl som bur på Bryne i dag.


Årsaka til at ho havna i Sauda? Gerda hadde vore i Sogn tidlegare. Der blei ho kjend med norske Astrid som blei gift med saudabuen Knut Åbø. Gerda var på besøk hjå henne og kom så tilbake til Sauda etter å teke sjukepleiar-utdanning i Danmark. Men det kom to danske sjukepleiarar med same navn til Sauda på ein gong. Gerda nummer to blei også gift der med Tjerand Tveitane som også hadde eit mindre gardsbruk i bygda.


Gerda Botnen døde i 2015. Ho blei 85 år.


"Eksotiske Sauda" er eg ikkje ferdig med. Neste blogg med same tema kjem om kort tid!


Oppslaget i Horsens Folkeblad 14. desember 1961.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar