onsdag 1. desember 2021

Då 'an Jone reiste til byen for å kjøpa konfirmant-dress

 


To fjordbuar i nedre salong på «Hjelmelandsfjord». Kva snakka dei om, unge Endre Gjil og
den eldre Jone Hauge? Svaret får du i denne bloggen. Foto: Stein Erik Gilje. 



Ka trur du dei snakka om? Den gamle mannen og den beskjedne ungdommen som sat i kvar sin bås i den nedre salongen på «Hjelmelandsfjord» denne fredagsmorgonen for over 45 år sidan. Det skal du få vita snart viss du orkar å hengja med i denne omfattande utgreiinga.


Mannen med hatt, stokk og beina med sandaler på benken, var den 69-årige Jone Hauge. Ungdommen i båsen bak er den 21-årige Endre Gjil. Han lyttar andektig når den godslege Jone legg ut.


Dei hadde vore tidleg ute på den flotte junidagen. Kvart på seks gjekk båten frå Vadla i Jøsenfjorden. Endre Gjil var fungerande taxi-sjåfør i Jøsenfjorden denne dagen og hadde vore heime hjå Jone og henta han før turen gjekk ned til rutebåten. 'An Jone var ingen sjusovar. Han hadde stått opp klokka fire. Nå skulle han på lege-undersøkjing i byen. Beina var ikkje som i ungdommen. Han hadde skinner på leggene.



Klokka var kvart på seks då «Hjelmelandsfjord» gjekk frå Vadla denne morgonen i 1976.
Foto: Stein Erik Gilje.



Dei to karane skulle følgja båten til Hjelmeland og deretter kjøra til Tau og ta ferja til byen. Det var ikkje veg langs fjorden frå Vadla til Indre Eiane på den tida, i 1976.


Det var den historia, ja. Nå skal du høyra. Her ser du 'an Jone fortelja om fyrste gongen han reiste til byen. Far og son skulle til byen i eit viktig ærend. Dei skulle kjøpa konfirmant-dress til den unge. Så dette må ha vore i 1921 sidan 'an Jone var fødd i 1907. Folk blei konfirmerte då dei var 14 år på den tida.


Jone og faren tok båten yr-tidleg om morgonen frå Vadla-kaien. Kai etter kai var båten innom ut over mot byen. Det blei stadig meir folk om bord. Faren helsa og snakka med alle som reiste med. Han kjende alle. Sonen kjende ingen og var imponert over faren.


Omsider kom dei til byen og gjekk i land. Dei var ikkje komne langt før dei møtte ein mann. Dei to mennene helste ikkje på kvarandre.


- Far, kaffor helste du ikkje på han?


- Nei, dette var ein fremmande mann. Eg kjenner ikkje alle, sa faren. Gamle Ola Hauge var ikkje den verdensmannen som sonen hadde trudd den morgonen.


Dette var samtale-emnet i nedre salong på «Hjelmelandsfjord» denne morgonen i 1976.

Endre Gjil som i dag er ein vaksen mann på snart 67 år, hugsar godt både turen og samtalen med Jone Hauge. Det blei ein minnerik bytur. Mange kjenner Endre Gjil som jordbrukssjef i Suldal. Rett over nyttår blir han pensjonist.


- Viss du skal skriva om meg som taxisjåfør, må du ta med ein annan jobb eg hadde i min ungdom. Matros Johannes Rosså som du blogga om for nokre dagar sidan, har eg også vore på jobb med. Du skreiv at etter at han pensjonerte seg på «Hjelmelandsfjord», var han assistent for ingeniørane som stakk ut vegen over Gullingen, mellom Jøsenfjorden og Suldal. Der var eg og jamaldringane mine, Steinar Vadla og Kåre Helge Steinsland, også med.


Dette var blogg nr. 14 om livet på «Hjelmelandsfjord». Hald ut! Det kjem snart meir.


1 kommentar:

  1. Mon tro om Endre Gjil var klassekameraten fra Hetland Gymnas på -70 tallet. Sympatisk gutt og god kamerat :-)

    SvarSlett