mandag 6. desember 2021

Vadla - Siste stopp for «Hjelmelandsfjord»

 

Bjarne Berge stig i land på Vadlakaien med familien. Motormann Ola Øye gjer klar
kabelen som skal forsyna båten med straum frå land. Foto: Stein Erik Gilje.


Klokka er sju denne juni-kvelden. «Hjelmelandsfjord» er framme på endestasjonen: Vadla i Jøsenfjorden.


Bjarne Berge og familien er mellom dei få passasjerane som stig i land. Handelsmann hentar ein slunken postsekk om bord og går raskt opp til krambua og postkontoret. Fjordafolk ventar på posten sin.


Folka om bord har fått lasta på land og gjer klar for overnatting. Matrosane set opp ekstra-fortøyningar. Tau frå bakken og akterfortøyning. Ein kan ikkje hengja etter ein tau i land og motorane på ganske sakte forover heile natta slik ein gjer på stoppestadene innover.


Motormann Ola Øye er klar til å hoppa i land og kopla til straumen frå land. Då kan han stoppa hjelpemotorane etterpå. Det blir stilt og roleg om bord. Folk og farty kan roa seg ned og kvila ut til klokka fem i morgon tidleg. Då er det på an igjen.


Alt er tilsynelatande som normalt med både båt og stoppestad. Men det er ikkje det. Alle her inne i fjorden veit det.


Knut Gjil ber postsekken i  land frå «Hjelmelandsfjord» denne kvelden i 1976. Han var med
på å henta denne båten i England 30 år tidlegare. (Foto: Stein Erik Gilje.)


Ikkje minst handelsmannen, Knut Gjil. 30 år tidlegare var han med til Southampton i England og henta landgangsfartyet som blei til «Hjelmelandsfjord». Seinare har han budd og arbeidd på Vadla-kaien med krambu og postkontor og teke i mot «Hjelmelandsfjord» og dei andre båtane til Jøsenfjord Rutelag i alle år.


Frå årsskiftet 1975 - 1976 hadde Stavangerske overtatt Jøsenfjord-båtane som nå hadde fått tre raude ringar i skorsteinen.


Bjarne Moen kjørte med traktor frå Jøsenfjorden til Suldal 1. november 1973. Denne 
teikningen av Henry Imsland sto på fyrstesida på Aftenbladet dagen etterpå.
t

Fjordabåtane var livsnerva for folka i veglause Jøsenfjorden heilt fram til 1. november 1973. Då kjørte Bjarne Moen frå Jøsenfjorden til Suldal med sin eigen traktor. Og trur du ikkje det kom ein Land Rover merka med GB kjørande ned til handelsmannen på kaien. Ut spratt det mannfolk som rulla sigarettar med ei hand. Var det engelske turistar som kom over heia i bil?


Nei, uff, han såg feil. Det sto BG på bilen. Folka i bilen var vegarbeidarar frå entreprenørfirmaet Bertelsen og Garpestad. Det var dei som var komne så langt med  vegen at dei greidde å kjøra ned til fjorden. Bil-Ola, han som hadde hatt taxi og lastebil i fjorden i alle år, var heilt opp i vêret og heiste flagget sporenstreks.


Så Jøsenfjorden var i endring då «Hjelmelandsfjord» kom til Vadla denne julikvelden i 1976. I over to år hadde det vore kjørande veg over heia til Suldal. Og to år seinare blei det kjørande veg frå Vadla til Indre Eiane.


Gullalderen for fjordabåtane var over. Siste fjordabåten gjekk frå Vadla 1 mai 1980.


Dette var blogg nummer 15 om «Hjelmelandsfjord». Eg er ikkje ferdig. Neste blogg kjem om eit par dagar viss eg lever og har helså.

2 kommentarer:

  1. Gjenkjennelig og gildt å lesa. Det var vel også i dei tider ordet taxi kom inn i språket i Jøsenfjorden, eller?

    Derdom eg ikkje lever, men du leverer får eg nok ikkje lest din neste blogg😀, eller så går det nok sin vante gang.

    SvarSlett
  2. Gilde lesning fra indre Ryfylke.

    SvarSlett