torsdag 23. desember 2021

«Gullhønå» - Kunne ikkje måla seg med «Hjelmelandsfjord»

 


Mannskapet på «Hjelmelandsfjord» i juni 1976. Frå venstre: Matros Lars Djursvold, motormann
Ola Øye, matros Jan Tednes, skipper Sverre Norheim, matros Leif Fiskå, stuert Jakob Sevland 
og styrmann Nils Sørskår. Foto: Stein Erik Gilje.


Som 19-åring blei den unge fognabuen lokka til å bli matros på gamle «Erfjord» i 1956. Dei trong ein mann raskt då ein av dei faste matrosane om bord, Arne Halsne, skulle i militæret. Dermed var det gjort, Nils Sørskår blei fast mann på fjordabåtane i dei kommande 40 åra. Fyrst matros, seinare styrmann og så skipper etterkvart.


Han var på alle båtane til Jøsenfjord Rutelag. Etter «Erfjord» blei det «Jøsenfjord» og deretter var han eit år på den legendariske «Fisterfjord». Så reiste han til Haugesund for å ta kystskipperskulen. Då han var ferdig med skulen, var han klar til å bli styrmann.


Styrmann NIls Sørskår i samtale med 
Bjarne Østerhus på Ølesund i 1976. Foto:
Stein Erik Gilje.



Mange hugsar framleis Nils Sørskår som ein rask og påliteleg styrmann på «Hjelmelandsfjord». Der kom han om bord som matros og styrmannsavløysar i 1964 og blei verande der i 12 - 13 år.


- Då styrmann Åke Hauge gjekk i land frå «Hjelmelandsfjord» i 1965 for å bli postmann på Tau, fekk eg fast styrmannsjobb om bord. Sjølv om eg likte meg godt om bord i båtane i alle år, var det var aller gildast på «Hjelmelandsfjord», seier Sørskår som nå er 84 år gammal, men frisk og rask.


Det var lange dagar frå dei gjekk innante tidleg på morgonen, anten frå Erfjord eller Jøsenfjorden.


Me hadde morgonsmat før me kom til Skiftun på Jøsneset. Deretter var det frokost etter at me hadde gått frå Fister klokka halv ni. Middagen blei servert mens me låg i byen og deretter var det kaffi klokka tre. Kveldsmaten sto på bordet då me hadde vore innom Skiftun på kvelden. Slik var døgnrytmen på «Hjelmelandsfjord» i den tida.


Nils Sørskår blei erfjordbu. Den unge styrmannen møtte kjærleiken. Han blei gift med Kari. Yngste dottera til Oskar Andreassen som var stuert på «Hjelmelandsfjord» i mange år.


Lesarar med godt syn kan sjå Nils Sørskår i styrehuset på «Hjelmelandsfjord» ved
Skiftun-kaien. Olga Hjorteland tok dette bildet frå altanen sin sommaren 1976. Sørskår overtok som 
andreførar på «Hjelmelandsfjord» etter Sverre Norheim.



Frå årsskiftet 1975/76 overtok Stavangerske alle Jøsenfjord-båtane. Då blei det nye tider for folka om bord også. Sverre Norheim som hadde vore andreførar på «Hjelmelandsfjord» i mange år, blei nå kaptein på «Jøsenfjord-ferjen» som gjekk mellom Tøtlandsvik og Vindsvik. Då rykte Nils Sørskår opp til andreførar på «Hjelmelandsfjord». Sjølv om Nils Sørskår ikkje blei fast som skipsførar, blei han brukt som avløysar som skipper rett som det var. Fyrste gongen var i 1964. Då var han førar på «Jøsenfjord».


Då Stavangerske overtok i 1976, blei det meir skifte mellom ulike båtar og ulike ruter. Det gjekk ikkje så lang tid før han fekk fast jobb som styrmann på hurtigbåten «Fjorddrott» i Sauda-ruta. Resten av si yrkesaktive tid var han mest på hurtigbåtane.


Men rett som han var, blei han brukt til andre oppdrag også. Han var tilbake på «Hjelmelandsfjord» som vikar for kaptein Johan Warland. På ferja over Jøsenfjorden var han også innom og skipra.


Dette er «Gullhønå». Foto: Johannes Østvold.



- Eg var skipper på «Gullhønå» den siste veka den gjekk i ferjeruta mellom Bokn og Føresvik i 1991, fortel Nils Sørskår.


«Gullhønå» var det uoffisielle navnet på ferja «Bokn». Den ferja hadde utspelt sin rolle då Bokn blei knytta til riksvegnettet. Sørskår blei då med den overflødige ferja til eit kortidsopphald i rute på Lysefjorden.


- På hurtigbåtane gjekk tida så mykje raskare. Sjølv om du blei kjend med mange kjekke reisande, hadde du ikkje så god tid lenger. På «Hjelmelandsfjord» hadde du tid til å setja deg ned og snakka med folk.


Nils Sørskår - ein ekta
Jøsenfjord-mann.

Seinhaustes i 1997 gjekk Nils Sørskår av med pensjon som 60-åring. I åra etterpå var han ofte om bord både på hurtigbåtar og ferjer som avløysar.


- Men dei gamle kollegene mine forsvann etterkvart. Når du kom om bord, var det plutseleg ein mengde nytt å setja seg inn i og ingen av mine gamle kjenningar å spørja til råds. Då var det på tide å slutta, seier Nils Sørskår.


Kari og Nils Sørskår flytta frå Erfjord til byen og seinare til Tau. Då kona døde for ti år sidan, flytta han tilbake til Erfjord der to av døtrene bur.


- Sist sommar var eg på biltur langs Vindafjorden og Sandsfjorden. Då opplevde eg for fyrste gongen Finnvik, Vormestrand, Hebnes og Vatlandsvåg frå landsida. Spennande å sjå kor dei budde, alle desse folka som eg berre hadde møtt om bord i båtane, seier Nils Sørskår.


Dette var blogg nummer 21 om livet på «Hjelmelandsfjord». Eg er ikkje ferdig med dette prosjektet, men tek eit par dagars pause. God jul!


1 kommentar: