fredag 10. desember 2021

Ho kapra ein blåfrossen matros på «Hjelmelandsfjord»

 

Else Marie Bergøy og Kjell Førre går i land frå «Hjelmelandsfjord» på Hjelmeland. Nå står
presten klar til å via dei i kyrkja. Foto: Øyvind Bergøy.


Det stivpynta brudeparet stig i land frå fordekket på «Hjelmelandsfjord». Dei smyg seg forbi melkespanna på kaien og opp til ein ventande bil.


Else Marie Bergøy og Kjell Førre skal gifta seg. Heile dagen har dei vore på farten. Dei tok «Hjelmelandsfjord» til byen tidleg på morgonen for å gjera seg klar til den store bryllupsfesten. Nå gjenstår berre siste etappe frå kaien i Hjelmelandsvågen opp til kyrkja der sokneprest Wilhelm Næsheim er klar til å via dei unge.


Ein varm dag, melder 
Aftenbladet.
Dagen er laurdag 9. august 1975. Det er rekordvarmt. Men brudeparet har mange ting å ordna før bryllupsfesten kan starta på Hovda gård på Randøy.


Dei kunne ikkje berre slengja seg inn i bil og kjøra frå Randøy til byen i den tida. Det var verken Ryfast eller Randøy-bru. Rutebåten var tilbodet då.


Brudgommen kom om bord i båten på Ølesund klokka 7.55. Eit kvarter seinare står brura og ventar på Sandanger. Fram til denne tid har ho budd heime hjå foreldra på Kåda. Brudgommen bur i andre enden av øya. Dei tok ikkje bryllupsnatta på forskot på Randøy i 1970-åra. Det nye huset på Øye er klar til innflytting.


23-årige Else Marie har jobb på kommunehuset i Hjelmelandsvågen de siste to åra. 29-årige Kjell har nettopp slutta i jobben som matros på «Hjelmelandsfjord». Nå skal han driva gard saman med faren, Normann, på Randøy.


Forlovelsesnotis i Aftenbladet i mai 1972.


Sjølv om eg ikkje kan gi ei detaljert utgreiing om koss dei to blei eit par, fann eg forlovelses-notisen frå mai 1972 i Aftenbladet. Så dette var ikkje eit giftarmål i all hast. Det var bror til brura, Øyvind, som omtalte brudgommen som ein blåfrossen matros i talen sin på bryllupsfesten.


Klokka 10.15 klappar «Hjelmelandsfjord» til kai ved Bagarbryggå i Stavanger. Else Marie og Kjell har fire timar på seg. Brura skal friserast og pyntast. Brudgommen skal kjøpa brurabuketten. Slik er den skikken. Til slutt ventar fotografen. Deretter er det berre å komma seg om bord igjen. Båten går halv tri frå byen og skal vera på Hjelmeland klokka ti på fem.

Brudeparet. Foto: Kaada.



Båten som er fullstappa av reisande i det fina vêret. Brudeparet har derfor ordna seg ein passasjer-lugar for å vera litt for seg sjøl på reisa innover. Else Marie tykte det var litt pinleg å måtta gå mellom alle passasjerane i brurestasen då ho hadde eit nødvendig ærend å utretta.


Ein bil står klar for transporten frå kaien til kyrkja. Der ventar far til brura, Øystein Bergøy. Han fører henne opp kykjegolvet til alteret der Kjell, forlovarane Marit Bjørkhaug og Gunnar Breivik og presten ventar.


Alt gjekk som det skulle i kyrkja. Men koss kom dei seg til bryllupsfesten på Hovda gård?


Siste etappe fram til Hovda gård blei Else Marie og Kjell kjørte i karjol. Bildet tilhøyrer 
Eirik Skogstø.



Skyssbåten til Finn Jørgensen låg nå klar ved kaien på Hjelmeland. Brudeparet og bryllupsgjestene blei frakta til kaien på Ølesund. Herifrå blei det bil-skyss til Hovda for gjestene.


Brudeparet blei kjørte i karjol det siste stykket fram til festlokalet.


Dette var blogg nr. 16 om den tida då «Hjelmelandsfjord» gjekk Ryfylke.


«Hjelmelandsfjord» i full fart gjennom Ølesundet før brua blei bygd. Slik såg båten ut fram 
til den blei DSD-båt frå 1976. Då blei den kvitmalt og fekk tre raude ringar i skorsteinen.
Foto: Digitalt Museum.






2 kommentarer:

  1. Ein fantastisk historie du forteller i alle bloggane dine..

    SvarSlett
  2. Ja dette var interessant å lese og kjennelig. Det var slik mange bryllup ble utført for oss i Ryfylke. Tidlig opp om morningen og med båt til Stavanger og med gjøremål som her beskrevet.

    SvarSlett