Gabbi Sømme som velferdsoffiser i Skottland. Her i samtale med statsråd Sven Nilssen. Bilde frå Aftenbladet. |
Då Gabbi Sømme var kommen velberga over Nordsjøen, måtte ho gjennom den obligatoriske "Security School". Deretter blei ho send til Skottland der ho kom inn i eit arbeid som var det mest interessante ho hadde opplevd.
Nå blei ho velferdsoffiser i leiren for Sørøy-folket. Då tyskarane svidde av Sørøya i Vest-Finnmark i desember i 1944, var det 5-600 menneske som gøymde seg i holer og snøhytter. Dei blei seinare på vinteren evakuert til Skottland med fire britiske destroyerar. Der blei dei plassert i ein stor leir utanfor Glasgow. Her fekk Gabbi Sømme jobb med å hjelpa flyktningane. Den engasjerte kvinna kasta seg inn i dette arbeidet som kom til å prega resten av hennar liv.
Kong Haakon på besøk i flyktningleiren. Bildet frå Aftenbladet. |
"Her var alle årsklasser, forteller fru Sømme i et hastig intervju, en del var lapper og samer. Her var meget å lære og meget å studere, bare det å få lære å kjenne den fantasiverden som disse menneskene hadde. Nord-Norge er et eventyrrike som vi kjenner så sørgelig lite til. Og som vi har forsømt så stygt. Det var forskrekkende å erfare hvor lite almenkunnskap barna hadde. En gutt på 13 år hadde f. Eks. Ikke gått mer enn et par uker på skole til sammen – og mange av barna hadde ikke anelse om hva en elefant var. (Aftenbladet 25,juni 1945)
Det var 170 barn i leiren, av desse var 90 i skule-alder. I leiren fekk dei gå i ein god skule med dyktige lærarinner. Livet gjekk sin gang med fødslar, barnedåp, bryllaup og gravferder.
Flyktningar frå Sørøysund blir frakta ut til ventande britiske krigsskip. |
14. april 1945 kom kong Haakon på besøk. Kongen var strålande, meinte Gabbi. Han helsa på alle og høyrte på kva dei hadde på hjarta.
Musikaren fornekta seg ikkje i Skottland heller:
"I Skottland fikk jeg låne meg en fele og underholdt sammen med en norsk lege og en skotsk brannmann, fortalte Gabbi til Aftenbladet.
Neste blogg kjem om eit par dagar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar